Ronnys outfit 16. august 2011

6
Skrevet av:
Publisert 9:01 16 august, 2011
Dagens outfit: Hettejakke og jeans!

Dagens outfit: Hettejakke og jeans!

God morgon bloggen!

Aaaah, goodtimes tysdag! Eller andredagen som eg pleie å seie då, eg pleier å nemne dagane med tall eg, lettare å halde oversikta. Eg blandar jo alltid tysdag og torsdag – for mange T’ar in da haaaouse! Som eg pleier å seie.

Har på meg mørk t-shirt i dag, ettersom eg var så dum på fyrstedagen å søle mykje kaffi på den kvite! Men det er ikkje einaste grunna til at eg har på meg nett denne t-shirten i dag! Den er nemleg rett morosam med alle dyra eg kan namna på ståande oppå kvarandre i ein solnedgang på den afrikanske savannen. Grunnen til at eg kan sjå at dette er i Afrika, er størrelsen på øyrene til elefanten. Den indiske elefanten har mykje mindre ører.

Eg har nye sko i dag! Eller boxfreshe sko som eg brukar å seie då. Det vil seie… dei er ikkje så nye, men eg vaskar dei kvar fjerdedag. Skoene er frå merket DC, og det same merket har eg vald for hettejakka mi. Eg berre ELSKAR hettejakker! Kvifor? Ikkje hiphop-imaget, ikkje varmen. Nei, når Live viftar med augnevippane sine og opptrer eggande og ertande, blir eg heit og raud og treng ein stad å trekka meg tilbake i.

Buksene pleier eg å trekka ned så langt som mogleg så eg kan fisa over kanten utan å la det fangast i det tette denimstoffet. På den måten kan eg bruka buksa fleire veker i strekk.

Håret er krøllete som vanleg.

Og så har eg dradd på meg ei lei snue i dag og, og har lagt ved eit bilete av snørrpapiret mitt som bevis.

Snørrpapiret

Snørrpapiret

Del "Ronnys outfit 16. august 2011"