Stella + Blue?
Publisert 8:57 19 mai, 2011
I dagens P3morgen kunne Stella Mwangi avsløre at gutane i det britiske boybandet Blue er kjempeinteressert i å jobbe med henne.
Stella hadde med seg verdspremière på ny singel til P3morgen torsdag morgon. Lookie Lookie er ei av låtane som er med på albumet hennar “Kinanda” som kjem i juni.
– Kinanda betyr hitmaskin, sa Stella, som mellom anna kunne melde at karane i Blue, britane sitt ESC-bidrag, var skikkeleg keen på å jobbe med ho.
– Dei ville mellom anna remixe Haba Haba.
Høyr Stella prate om det moglege samarbeidet:
Stella om Blue
– Stella hadde vunne Idol!
Litt seinare i sendinga kom Hans-Erik Dyvik Husby (kjent frå Turboneger) på besøk. I spørsmålstafetten lurte Stella på kva Hans-Erik ser etter i ein artist, med tanke på at han skal vere Idol-dommar til hausten.
Hans-Erik seier han ser etter det spesielle og at Stella Mwangi garantert hadde gått vidare viss ho kom på audition og sikkert vunne heile konkurransen.
Stella-dukke i veska
P3morgen fekk lov til å rote i veska til Stella Mwangi i dagens sending. Der fann vi mellom anna ei Stella-dukke.
Sjå video av veskegrafsinga her:
Tags: Blue, Hank von Helvete, Hans-Erik Dyvik Husby, Stelle Mwangi