Vann X Games med eigen musikk
Publisert 14:43 17 februar, 2011
Snowboardproff Torstein Horgmo køyrer til eigenkomponert dubstep.
Horgmo kunne i dagens P3morgen fortelje at han likar å komponere eigne låtar til bruk når han deltek i konkurransar.
– Det er ikkje alle basslinjer som penetrerer lua, så då er det litt artig å lage nokre sjølv, sa Horgmo, som vidare fortel at han opptil fleire gonger har delteke i konkurransar med eigen musikk på øyra.
Høyr Torstein prate om musikk:
Om dubstep ikkje seier deg noko, kan jo dette vere eit perfekt eksempel på sjangeren:
Roting i reisebagen
Med over 200 reisedøgn i året, var vi i P3morgen keen på å sjå kva Torstein har med seg i reisebagen sin. Sjå video her, yow!
Beste og verste sesongen
Torstein har vore nødt til å droppe Arctic Challenge i helga, på grunn av at han slit med skader.
– Eg har klart å skade meg før kvar konkurranse i år. Både ankelskade og ribbeinsbrot. Det har vore den beste konkurransesesongen min, men samstundes den verste. Der har vore ein del smerte.
På spørsmål om det var vanskeleg å bestemme seg for å avlyse Arctic Challenge, svarar Torstein at det slett ikkje var lett.
– Det er jo stort å få komme heim for å køyre konkurranse, men eg tenkjer at eg lyt stå over og ta eit par veker fri. Det er kjipt å muligens la skaden øydeleggje resten av sesongen.
Vil du høyre heile intervjuet med Torstein Horgmo? Då kan du sjekke ut dagens podkast frå P3morgen. Den finn du i iTunes, som RSS eller her:
Som bonus i podkasten får du òg servert intervjuet vårt med Thomas Alsgaard, som òg var innom i dag.