Donkeyboy framfører “City Boy” live. F.v: Cato Sundberg, Vivian Sørmeland, Kent Sundberg og Peter Michelsen. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK
Donkeyboy tek Norden med storm! I fjor gjorde “Ambitions” det stort i Sverige og akkurat no svevar bandet på ei dansk bølgje av medgang der deira andre album “Silver Moon” gjer det bra. Då dei var innom oss framførte dei ein nydeleg versjon av “City Boy” som du kan høyre igjen her: “city boy” DonkeyboyNokon dreg kanskje kjensel på kvinna i midten? Vivian Sørmeland lånar vekk stemma si til Donkeyboy. Ho kom også på ein tredjeplass i Idolrunde nummer 4.
I høve Turboneger sitt nye album “Sexual Harassment” fekk vi besøk av Thomas Seltzer og Knut Schreiner. Dei sminka Ronny så fint at han kunne blitt ein ny frontfigur! Her kan du sjå videoen – det er Seltzer sjølv som fører pennen.
Høyr heile intervjuet med Thomas og Knut i podkasten
Yngve, Ronny og Silje klar for Paradise Hotel finale. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK
Du kan tru det var tre spente morgonprogramleiarar som venta på finalen i Paradise Hotel i kveld. P3morgen rigga seg til med chattefunksjon for å halde deg og meg oppdatert under heile finalen.
Ronny og Silje har som kjent sett alle episodane av Paradise Hotel denne sesongen. Og dei to hadde store forventningar til kveldens finale.
Silje håpte på grining og Ronny håpte på ein lur twist medan Yngve var Paradise-jomfru og håpte berre på at han ikkje vart avhengig no heilt på tampen.
Her ser du høgdepunkt frå Paradise-finalen:
Augeblinken vi alle har venta på er her. Stian får i oppgåve å avgjere kven som vinn heile Paradise Hotel. Men kva gjer han? Stiller seg i midten? Sjå Silje, Ronny og Yngve sin reaksjon:
Vida og Miguel er i gullballduell. Sjå kva som skjer når Vida slepp ballen:
Fornøgd med finalen
Paradise-veteranane Ronny og Silje er ikkje skuffa sjølv om finalen vart litt forvirrande. Dei er begge einige i at Stian fortener pengane ettersom han har vore der sidan starten. Yngve som såg sin aller første Paradise Hotel episode i kveld, seier at han framleis ikkje forstår nokon ting.
Alle var uansett einige i at det hadde vore ein kjekk kveld og spennande finale. Det kom også ei tåre frå Miguel som trudde han vart rik og Ronny seier seg godt fornøgd med opp til fleire twistar undervegs.
Her ser du P3morgen i full konsentrasjon under finalen:
Slik var steminga midtvegs i finalen - djup konsentrasjon. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK
Torsdag kl. 21.30 er det duket for den store finalen i Paradise Hotel – et program har blitt snakket mye om i P3morgen. De tre programlederne vil diskutere og analysere i chatten. Delta du også! Vi starter ca 21:00 og holder det gående til en vinner er kåret!
Fire pils og ein pizza. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK
I går fekk vi inn ei tekstmelding av lyttar Ole 21 som kunne fortelje at då han var russ, tok han ein russeknute som gjekk ut på å drikke fire pils og ete ein pizza under Åge Aleksandersen si låt “Fire pils og en pizza”. Dette tenkte Yngve kunne vere ein artig konkurranse mellom Silje og Ronny i vårquizen.
Den som tapar vårquizen må nemleg bade i sjøen før 17. mai og førebels ligg dei to programleiarane særs likt.
Produsent Maria steikte pizza og Yngve hadde med øl, dermed låg alt til rette for ein ellevill konkurranserunde i P3morgen. Vi hadde også besøk av ein skuleklasse akkurat denne dagen, difor fekk Ronny og Silje ekte publikum. Det er jo slik det ofte er under konkurransar.
Ronny spelar av klipp som kan tolkast grovt. Yngve og Silje må fylle munnen sin med vatn og prøve å ikkje le medan dei høyrer på desse klippa. Det er altså lett å tenkje koffert her. Viss Silje eller Yngve ler blir den som ikkje ler mest sannsynleg klissvåt. Og det er jo det som er gøy!
I høve Manchester City/United oppgjeret har Silje kledd seg i United-trøya si:
I dag går det verkeleg for seg i “Den store vassleiken”. Silje sprutar vatn over heile Yngve:
Ronny har funne nye artige klipp som han spelar av medan Silje og Yngve må ha munnen full av vatn. Det er om og gjere å ikkje le, men det er jo ikkje så lett når alt du høyrer kan tolkast ein smule grovt. Her er andre runde i konkurransen “Den store vassleiken”:
Her kan du sjå første runde i “Den store vassleiken”:
Erik Thorstvedt utfordrar Silje og Ronny i fotballquiz og siste post er straffekonk med sjølvaste Thorstvedt’n i mål. Det blir eit salig kaos på den gode måten:)
Ronny med vernebriller. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK
Kan fysikk vere sexy? Å ja det kan det! Andreas Wahl, kjent frå mellom anna “Lyngbø og Hærlands Big Bang” på NRK viser oss artige og morosame triks ein kvar av oss kan få til.
Yngve fekk det ærefulle oppdraget å vere assistenten til Andreas medan Ronny og Silje måtte gå med neonfarga vernebriller. Sjå korleis det gjekk då Andreas fyrte opp ein gassbrennar i stuido:
Vi syns neonvernebrillene var så fine og Silje ville gå med sine sjølv etter at eksperimenteringa var over og her ser du bilete av det:
Silje med vernebriller. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK
– Han veit at det ikkje blir noko på han viss han brukar den eletriske tannbørsten, kunne Marion fortelje oss då ho var på besøk.Marion Ravn er forlova med snøbrettkøyraren Andreas Wiig, og i si nye låt “Colors Turn to Grey” tek ho eit oppgjer med den moderne tannkosten og andre ting ho meiner kan øydeleggje eit forhold.
For å hjelpe Marion med førebuingane til den store bryllaupsdagen, gjennomførte vi like godt ein så kalla “rehersal dinner” i studio. Berre sjå her:
Marion avslører at ho ønskjer å ha på seg ein Grace Kelly-inspirert brudekjole men er ikkje heilt sikker på om ho kjem til å servere rømmegraut, peppermakrell og solo, slik ho fekk servert hos oss.