Er det beef du vil ha…?
Publisert 17:24 23 March, 2011
Når Popsalongen sin, one and only, Mr.Leo er ute og tråler Bergen sine gater etter meir eller (mest)mindre kjende band, har det ein tendens til å ende med battle.
For bergensarane har ingen skruplar når det kjem til å sparke frå seg;Razika har yppa med Kvelertak, Kakkmaddafakka har tenkt stygge tankar om Tôg og i førre veke meinte Matias Tellez at Montèe burde bli droppa frå spelelistene og heller komme seg på studentradioen. Og som det politisk korrekte programmet Popsalongen er, så gav me sjølvsagt Montèe moglegheita til å svare på tiltale.
Eit pinleg møte
– For det første så er me ikkje førti år, så det kan han berre dra til Bergen å … seg med (dei ellers så beherska Montèe vart ganske så frisk i språket når dei byrja å snakke om Mr.Urørt 2008), seier Erlend Mokkelbost som faktisk har møtt Matias på eit ytterst pinleg møte med Duracell. Batterimerket ynskja vist å sponse eit band med ein million kroner (noko som viste seg å vera bull og bedrag), men den einaste som kunne tenkje seg ei framtid saman med den hoppande rosa kaninen var Matias Tellez.
– Det å vera eit duracellband er jo ikkje det kulaste, meinar folk fleste i alle høve. Men Matias kan jo ta det på ung og dom kvota, meiner Mokkelbost.
– …..og lovande på tiande året, legg han til. Popsalongen sin programleiar syntest det er deilig å starte litt beef og er godt nøgd med at også Osloband kan vera litt feisty.
– Kvar blir det av Matias si plate då..?
– Matias Tellez kven er det? Eg har aldri høyrt om han eg! Erlend har framleis meir på lager og benyttar anledninga til å reklamere for Montèe sitt album før han sender ut ei etterlysing på Tellez si plate. Andreas byrjar på dette tidspunkt å bli ganske så nervøs for at Montèe har meir å komme med og at dette skal føre til ei regnbye av dødstrugsmål frå Bergen . Så han får Montèe til å komme med deira topp tre liste, før dei får fyrt av meir krutt.
Tags: kakkmaddafakka, Leo Ajkic, montèe, musikk, P3, Popsalongen, Razika, tog