Silje har lenge undra seg over kor langt eit “steinkast” er. Når nokon til dømes seier: “Stranda ligg eit steinkast unna hotellet” – kva distanse er innanfor?
Dette kjente utsegnet er gamalt og er brukt både i Bibelen og i norrøn tid. Det baserer seg på kor langt ein voksen mann klarar å kaste. Og gjennomsnittet landar på 60 meter, kunne ein artikkel i vg.no opplyse Silje om.
Silje er korkje voksen mann eller verdsmeister i å kaste ting (verdsrekorden i å kaste ein cricketball ligg på 128, 6 meter), men tok altså med seg eit egg (ettersom ho ikkje hadde stein) ut på terrassen og kasta det så langt ho kunne.
Egget knuste på 17,5 meter.
Les mer