Artikler med emneordet ‘smake’

Ronny har etterkvart blitt ein resar på å smake på vanleg mat og i dag stod det lauk på menyen. Etter litt trøbbel med øyreklokkene putta Ronny ein bitteliten bit i munnen. I videoen over ser du korleis det gjekk.

Noko av det første Ronny smakte på var agurk (legg merke til at Yngve er komt i stemmeskiftet):

Les mer

Eyvind Hellstrøm har vore heime hos Ronny å rydda opp før. Då fann han kjøtkaker som bestemora til Ronny hadde sendt med vesleguten over fjellet og som han berre kunne varme opp. Det var også det einaste matinnhaldet i kjøleskåpet til Ronny som Hellstrøm meinte var bra nok. 

Vi veit jo alle at Ronny har ein sær gane.

Denne gangen hadde Hellstrøm med seg to typar ost Ronny måtte smake på. Den norske Munkebyosten og den franske Reblochon. Du ser i videoen korleis det gjekk! 

 

Les mer

I spalten “Ronny smakar på vanlege ting” har han måtte svelgje unna mykje han ikkje set særleg stor pris på, som brunost, reker, makrell i tomat og diverse anna. Han har til stadigheit sagt at det ikkje er noko vits i å smake på alle desse tinga kvar for seg.

Og han har nok eit poeng. Så i dag smurte Yngve og Live på eit frukostknekkebrød til han, men filadelfiaost, agurk, avokado, sennep og salt & peppar.

Les mer