Top Model Siris New York tips!
Publisert 13:54 16 september, 2013

Siri Tollerød er programleiar for Top Model og er på besøk i P3morgen. Foto: Cecilie Kåss Furuseth/NRK
Siri Tollerød er programleiar for Top Model. Ho har ei imponerande modellkarriere bak seg og har budd i New York i over fem år. P3morgen nytta difor høvet til å spørje henne om gode restauranttips i verdsmetropolen.
Siris favorittrestaurantar i New York
På spørsmål frå Ronny Brede Aase om kor i New York ein skal gå for å ete middag anbefalar Siri tre restaurantar: Little Owl, Extra Virgin og Market Table. Alle restaurantane ligg i West Village. Står pannekaker på menyen er Siris favoritt Clinton Street Bakery på Clinton Steet.
Det er ikkje berre mat Siri blir spurt om, ofte lurer folk på kva dei skal gå med av klær. Ingrid Gjessing og Knut Nærum i “Nytt på nytt” spurde i fredagens spørsmålstafett om Siri kunne vere så snill å anbefale eit klesplagg heile Nytt på nytt-gjengen kunne gå i. Og det måtte for guds skuld ikkje vere skinnjakke. Siri klinka til med ein god gamal klassikar: svarte boots. Sjølv har Siri hatt sine svarte skinnboots i over to år. For andre motetips viser ho til nettsida style.com.
Kva har ein supermodell i veska?
For stort fokus på utsjånad
Siri er ganske sikker på at dei har funne ein ny supermodell i årets Top Model som er spelt inn i Los Angeles. På spørsmål om ho nokonsinne blir lei av å snakke om utsjånd meiner ho at det generelt er for stort fokus på korleis ein skal sjå ut. Både blader og aviser kunne roa litt ned på akkurat det fokuset.
Du kan få med deg Top Model på TV3 i kveld kl 20:30.
Høyr heile intervjuet med Siri Tollerød her!
Tags: New York, NRK, nyc, P3, siri tollerød, top model