Klikk for video
Spill video

Her testar han VMs elleville monsterpipe

Slik såg det ut då tidlegare Arctic Challenge-vinnar og VM-deltakar Arthur Longo testa superpipen som skal få norske talent opp i verdseliten.

Publisert: 0:18 11 February, 2012

– Fantastisk!, seier Longo til NRK.no.

– Det kjennest veldig bra å køyre her. No må bare snøen bli betre, slik at vi får meir fart. Då kan det gå verkeleg høgt, legg han til.

Den høgtflygande franskmannen er av dei første stjernene som har fått bryne seg på ferske forhold i den mektige snøbrettparken i Wyller, som ligg like utanfor Oslo by. Aldri før har det blitt laga ein større pipe i Norge.

– Bare half pipen i Laax i Sveits overgår denne i Europa. Nord for det punktet er den heilt klart den største, seier dagleg leiar for snowboard-VM, Henning Andersen.

Dette er monsterdimensjonane

Med arbeid utført av internasjonal ekspertise på bygging av superpipe, kryssar arrangøren fingrane for at snøbrettstjernene får drøymeforhold under VM.

Ein av utøvarane som hyller bygginga av det gigantiske anlegget er den norske VM-deltakaren Fredrik Austbø.

Han kjem til VM med høge ambisjonar, og kan ikkje vente med å setje utfor i Wyller.

– Det blir kjempemoro å køyre superpipe i Norge for aller første gang, seier nordmannen.

Austbø er bare ein av få etablerte halfpipe-køyrarar på landslaget, og har lenge sitra etter at det skulle komme på plass ein meir spektakulær konkurransearena for snøbrettgreina i Norge.

Og endeleg kan han forsere ei 164 meter lang løype, fylt med 30 000 kubikkmeter snø og med over seks meter høge veggar i sitt eige heimland.

– Det er utruleg viktig for oss å kunne trene i ein superpipe når vi er heime. I tillegg er det viktig for å få eit større halfpipe-miljø i Norge, seier Austbø.

I dette monsteret av ein pipe skal verdseliten konkurrere den kommande veka. (Foto: Eirik Evjen)

I dette monsteret av ein pipe skal verdseliten konkurrere den kommande veka. (Foto: Eirik Evjen)

Landslagssjefen: – Betyr alt for morgondagens elitekøyrarar

Også landslagssjefen har venta lenge på å få sjå prosjektet i Wyller komme på plass. No er håpet at fleire nordmenn når verdstoppen i den teknisk vanskelege disiplinen, som til dagleg er dominert av amerikanarar.

For i motsetjing til slopestyle der Norge har fleire gullkandidatar i VM, er det langt mellom norske toppkøyrarar i halfpipe.

– Det betyr alt med tanke på rekruttering av morgondagens halfpipe-køyrarar. Klarer vi å halde ved like denne pipen vil det utgjere ein stor forskjell for toppnivået i framtida. På lang sikt trur eg vi vil få fram fleire toppkøyrar i halfpipe no som vi får ein konkurransearena som er lett tilgjengeleg for mange i denne målgruppa, seier Thomas Harstad.

– Under VM vil det også bety mykje for alle unge snøbrettkøyrarar å sjå førebileta sine køyre i bakken dei vanlegvis køyrer i sjølv, legg han til.

Blir verdselitens leikegrind

Store halfpipe-profilar kjem til VM. På kvinnesida er det venta OL-vinnarane Torah Bright og Kelly Clark vil knive om det høgthengande gullet.

På herresida er sveitsiske Iouri Podladtchikov, finske Peetu Piiroinen og amerikanske Louie Vito storfavorittar.

Men også norske Austbø er langt meir enn gjennomsnittleg på å vise seg på heimebane. Han har ikkje gitt opp kampen før den er ferdig kjempa.

– Målet er pallplassering, heilt klart, seier Austbø.

Tags: ,

Del "Her testar han VMs elleville monsterpipe"
 

SERIER PÅ P3.NO