Youri Podlatchikov frå Sveits jaktar VM-gull med sår nase etter to brudd på kort tid.

Youri Podlatchikov frå Sveits jaktar VM-gull med sår nase etter to brudd på kort tid.

– Smertefullt – som å få eit kraftig slag i trynet

Sveitsiske Iouri Podlatsjikov har kanskje hatt VMs mest uheldige oppkøyring.

Publisert: 14:04 18 February, 2012

    Sjå VM-finalane i superpipe direkte frå 15.45 på p3.no/snobrett og NRK2.

    – Eg har hatt så mye hovudpine at du ikkje vil tru det, sier Podlatsjikov.

    For heile to gonger i VM-sesongen har den høgtflygande superpipekøyraren frå Sveits fått ein skikkeleg nesestyvar.

    I desember brakk han nasa for første gang i sesongen, men det var bare starten på noko langt meir smertefullt.

    – Eg øydela brusken, men gjorde ingenting med det, seier han.

    Blei vanskeleg å puste

    Bare månaden etter opplevde han eit nytt liknande fall. Først då merka han at han burde handle.

    – Det var verkeleg smertefullt. Eg var akkurat blitt frisk, og då eg merka at eg ikkje fekk puste skikkeleg gjekk eg til legen og fekk operasjon.

    Fortsatt er nasa sår etter dei to uhella, men i dag ler han bare over kor uheldig han var.

    – Ein kan godt beskrive det som å bli påkøyrd av ein bil like etter å ha komme ut av sjukehuset etter ein førre kollisjon. Men kanskje er det er meir som eit knallhardt slag i ansiktet. Dette var jo ei typisk bokseskade. Eg tenker det må vere ein helvetes jobb å vere boksar, seier sveitsaren.

    – Knekk i livskvaliteten

    I dag køyrer Podlatsjikov finale etter å ha kvalifisert seg som tredje beste torsdag kveld. Han fryktar ikkje at det same uhellet skal skje igjen, men har friskt i bakhovudet at ein aldri kan vere sikker i denne sporten.

    – Ein kan fortsatt gjøre som normalt med ei slik skade. Men korleis kan eg beskrive det? Med masse hovudpine. Livskvaliteten får seg verkeleg ein knekk, smiler VM-favoritten.

    Og laurdag vann sveitsaren superpipe-konkurransen i VM – sjå triumfrunnet her!

    Tags: ,

    Del "– Smertefullt – som å få eit kraftig slag i trynet"
     

    SERIER PÅ P3.NO