Blir deppa av ny Michael Jackson-låt!
Publisert 14:47 9 november, 2010
Erlend og die-hard-MJ-fan-Steinjo høyrte gjennom den nye Michael Jackson-låta “Breaking News” under sendinga i dag. The King of Pop døde i fjor sommar, men det stoppar ikkje plateselskapet hans frå å gi ut meir Michael Jackson-musikk. Låta “Breaking News” er første singel frå plata “Michael” som kjem ut 14. desember.
Høyr kva Erlend og Steinjo syns om “Breaking News”:
Erlend og Steinjo om Breaking news
Steinjo er som kjent (sjå bildet over) ein stor beundrar av Michael Jackson og reiste i begravelsen hans. Erlend er også fan av MJ og vann ein Micheal Jackson-dansekonkurranse då han var liten.
Les om då Steinjo møtte Michael Jackson.
Meiningslaus låt
Både Erlend og Steinjo syns det er trist at Michael Jackson også i denne sangen syng om medias evige hekse-jakt på han. Dette har vi høyrt før, mellom anna på låta “Scream” som han gjorde med søstra Janet Jackson i 1995.
Fleire av familiemedlemmane til MJ meiner det ikkje er han som syng på låta, men Steinjo trur dessverre at det er han, men at vokalen nok har blitt pynta på.
Les Lydverket sin anmeldelse av låta her!
Blir deppa!
Steinjo syns det er frykteleg vondt å slakte Michael Jackson på direkten, men trøstar seg med at Michael aldri ville ha gitt ut denne låta viss han framleis hadde vert i live.
Du kan høyre heile Breaking News her.
Steinjo turde ikkje innrømme at han digga Michael Jackson då han var tenåring, men prøvde uansett å likne på han. Han farga håret svart, gjekk i orange silkebluse, boots og skinnjakke. Lilja, som var Steinjos store kjærleik, misforstod og trudde han digga heavy metal! Les om det her.
Kjøper plata med bismak!
På spørsmål frå Erlend om Steinjo kjem til å kjøpe det nye albumet, svarar Steinjo at han nok kjem til å kjøpe det med ein bismak. Ettersom han samlar på alt MJ har gitt ut, må nok dette albumet også inn på ønskelista til jul.
Tags: bestevenn, breaking bad, deppa, erlend klarholm nilsen, Erlend og Steinjo, fan, king og pop, Michael Jackson, NRK, nrkp3, ny låt, P3, slakt, stein johan grieg halvorsen, trist