– Eg er ein pingleversjon av Lars Monsen

Ludvig Løkholm Lewin er programleiar for eit nytt og råare dyreprogram: Skaperverket.

– Skaperverket er ein hyllest til norske skapningar, seier Ludvig Løkholm Levin (30).

I det nye fjernsynsprogrammet Skaperverket dreg den uredde programleiaren, Ludvig, ut i naturen for å søkje sanningar om det norske dyreliv. Saman med sin følgjesven, Andreas, skal han knuse fordommar og feiloppfatningar om det norske dyrelivet.

Me nordmenn er kjende for å ferdast i naturen til alle årstider. Men kor godt kjenner me dei norske dyra?

Er grisen like heldig som namnet tilseier (heldiggris)? Og er kanina det kåtaste dyret (kåt som en kanin)? I kvar episode av Skaperverket vil me få stadfesta kva slags skapning som mellom anna er det styggaste, det hissigaste, og det kåtaste.

Råare dyreprogram

Programmet har premiere 3. januar, og skal sendast på NRK3. Ludvig skildrar Skaperverket som eit litt råare og meir nærgåande dyreprogram enn det som er laga tidlegare.

– Det finst masse dyreprogram som har vist dyr i sitt rette element. Me har gjort det annleis: ein styggare og ærlegare versjon av dyra og naturen.

Sjåaren vil nok kunne oppleve ubehag ved enkelte scener, og Ludvig lovar at programmet vil sjokkere.

– Det vil vere nærbilete av ein erigert penis.

Ludvig har tidlegare blitt sendt som pakke i posten, nesten blitt teken av fransk politi for å opphalde seg ulovleg i undergrunnen, og fått ein Høgre-profil til å trekke seg frå vervet ved bruk av skjult mikrofon.

– Er du litt gal?

– Nokon seier det. Og sjølv om eg ikkje syns det, så trur eg ikkje færre kjem til å seie det etter denne serien.

Sart hjelpar

Gjennom programmet får Ludvig god hjelp frå sin assistent, Andreas.

– Det er veldig greit å ha med seg ein fyr som gjer alt eg ber om, utan å bli sur eller stille spørsmål.

For Ludvig er det også eit personleg oppdrag å vise Andreas den norske naturen, som han meiner den sarte osloguten ikkje har mykje kjennskap til frå før.

– Andreas er ein sart, urban gut som har vore meir i Berlin enn i Nordmarka, trass i at han er oppvaksen heilt på markagrensa.

– Det er jo poenget med serien, at folk skal bli med og oppleve råskapen som finst der ute, held han fram.

Å syne folk den norske naturen – dette høyres kjend ut.

– Er du ein ny Lars Monsen?

– Nei. Lars Monsen er ein beinhard kis, eg er ei pingle.

Blodigle-trøbbel

I løpet av innspelinga, har Ludvig både ofra blod, tårer, og normal kroppstemperatur for nokre timar.

– Eg trur folk tenkjer at me har ein ganske harmlaus natur. Men eg har blødd såpass mykje i løpet av programmet, at det kan eg avkrefte.

Den gongen Ludvig blødde mest, var i møte med ei blodigle. For å bli betre kjend med blodigla, tok dei med seg ein ekspert, og reiste til det vatnet med mest blodigler i Noreg. Blodigla er ikkje farleg, men kan suge store mengder blod.

Dei plasserte blodigla på magen til Ludvig og lot han suge laus. Etter fleire timar i ein mørk skog på Sørlandet, gjekk dei leie, og skulle fjerne blodigla. Når blodigla syg, så skiler han ut eit anti-koagulerande stoff. Det gjer at ein kan blø opp til ti timar etter blodigla er fjerna. Ein må difor fjerne blodigla varsamt. Ludvig er ikkje heilt sikker på om dei gjorde det riktig.

– Eksperten sa: Blodigla må ikkje rivast av under nokon omstendigheitar. Men eg høyrte nok ikkje like godt etter då han forklarte korleis det skulle gjerast.

Dei fjerna difor blodigla, og bandasjerte magen til Ludvig. Deretter reiste dei heim på hotellet.

– Dagen etter, då eg skulle rydde rommet, løftar eg på dyna, og ser eit svært stivna flak av blod. Eg hadde blødd dritmykje.

– Dei som skulle rydde etterpå fekk seg nok eit sjokk. “Det der er ikkje menstruasjon, for å seie det sånn”.

Men Ludvig er ikkje redd for å blø, eller bli litt kald på hendene. Det største Ludvig opplevde i arbeidet med Skaperverket, er då han fekk symje med ei håkjerring. Håkjerringa er ein type hai som kan bli like stor som kvithaien – og han finst i Noreg. Den 360 kilos haien gjorde sterke inntrykk på Ludvig.

– Det tok meg tre timar å få normal kroppstemperatur igjen, men det var verdt det.

Iguanen Fedon

Ludvig har vore glad i dyr så lenge han kan hugse. I løpet av dei sju åra han har jobba i NRK, har han drive med mykje forskjellig. Men mykje av det dreidd seg om dyr.

– Så tenkte eg: Kvifor ikkje berre reindyrke det? Å lage eit program som berre handlar om dyr.

Det kjæledyret Ludvig hugsar best er iguanen Fedon, som han trøsteshoppa etter at dama hans dumpa han. På den tida budde han gratis på Trondheim vandreheim mot at han satt nattevakt kvar åttande dag. Han hadde kjæledyret Fedon i fem år, i skjul, heilt til den sjebnesvangre dagen:

– Medan eg var på tur, hadde det plutselig kome veggdyr på vandreheimen. Dei hadde sprøyta alle romma med gift, utan å seie ifrå til oss.

Dette fekk katastrofale følgjer:

– Då eg kom heim med Fedon, så vart han gul og døydde, seier Ludvig.

For sjølv om giften ikkje er farleg for menneske, er han dødeleg for dyr.

– Etter det, så flytta eg i raseri.

Vil syne fram råskapen

– Til slutt: Kvifor skal folk sjå på Skaperverket?

– Me har mykje natur, og eit heilt rått dyreliv, som eg håpar me kan vise fram. Også håpar eg at sjåarane blir inspirerte til å gjere det same; gå ut og kikke på ting, ta litt på, og bli eten av.

– Dei fleste land har meir folk enn skau, me har meir skau enn folk.