Vreid tar med seg kvalitet ut på veien i Norge

1
Skrevet av:
Publisert 9:00 13 October, 2011

Kom og spaser med ilden. Pyro serverer et par spørsmål til Jarle fra Vreid foran den forestående turen sammen med Einherjer og Kampfar.

-Fire Walk With Me, hva er konseptet og hvorfor er navnet hentet fra Twin Peaks, blir det like crazy og skummelt?

Dette er eit konsept frå oss på Amber Booking der me vil sette opp turnepakkar med feite metal- eller mørke rockeband, og spre dette utover landet vårt. Kvar pakke vil bestå av 3-4 band og kvar runde blir på 4-8 konsertar. «Fire walk with me» er jo eit slagord som mange kjenner til, og er ganske treffande for dei fleste band i denne sjangeren. Crazy & skummelt? I aller høgste grad, som ein fusion av Nadine & «log»-lady.

-Det er tre herlige band som skal ut på tur, er det du som selv har plukket de andre bandene?

Ja, det er eg som har plukka banda. Alle tre banda er nye signeringar på Amber, og då tykkte med det var greit å presentere desse i Vol 1. Det er band med lang fartstid, og som i dag står fram meir vitale enn nokon gang. Alle tre banda har sleppt nye album i 2011, og «V», «Norrøn» og «Mare» har alle fått strålade omtalar. Dette er band med ein sterk identitet og som kler kvarande godt. Blir nok ein heidundrande kveld på lokalet detta, så det er berre å grave seg ut av sofaen i haustmørket.

-Siden dette da er volume 1, betyr det at vi kan forvente oss flere slike turer?

Absolutt. Me jobbar i desse dagar med vol 2 og 3, som me håpar begge vil ta stad i første halvdel av 2012. Me er i kontakt med ei rekkje band, og det er stor interesse både frå band og arrangørar til konseptet. Me håpar å kunne annonsere «Fire walk with me vol 2» ganske snart.

-Hva skjer ellers i Vreid-leiren for tiden?

Det har vore bånn gass gjennom heile 2011. Det starta med sleppet av «V», etterfylgt av headliner-turnear i Noreg, Europa og Nord-Amerika, pluss ei rekkje festivalar. No har me faktisk ein 2 måneders «pause» der me set nye ungar til verda, jobbar med nytt materiale, og øver inn eit heilt nytt sett til «Fire walk with me» blant annet med låtar me ikkje har spela før, eller er lenge sia me har spelt. Rett etter turneen så reiser me til Russland for vår første konsert der saman med Einherjer.

For 2012 har me nå dag annonsert eit heilt nytt prosjekt. Den indiske koreografen og klassiske dansaren Rukmini Chatterjee set opp stykket «Questionings», som er ein forestilling basert på musikken og tekstane til Vreid, indisk klassisk dans & musikk, og ny teknologi med dei franske artistane Idun. «Questionings» har verdspremiere i Kamani auditorium i Delhi 26 mars 2012, vidare skal me gjere fleire forestillingar i India og Norge, der me avsluttar med 2 forestillingar på Operaen i Oslo 8 & 9 Juni 2012.

Tags: , ,

Del "Vreid tar med seg kvalitet ut på veien i Norge"