Vreid på tur i Europa 2011, del 2

1
Skrevet av:
Publisert 12:59 4 June, 2011

Vreid med venner er på tur i Europa. God stemning.

Jarle fra Vreid gir deg nok en gang rapport fra den pågående turen rundt i Europa sammen med Kampfar, Secrets Of The Moon og Krakow. The Black Path Tour. Fett navn.

Vreid Europa Tour Blog del 2:

Dag 4: Nottingham, England

Så var tida komen for litt øyhopping. For å komme ut på øya med buss så har ein to val, ferje eller tog. Me valte «tog for buss» som er mykje meir forlokkande enn NSB sin «buss for tog». Obligatorisk pass-sjekk kl 6 om morgonen. Ein av bergensarane gadd ikkje stå opp og gav f.. i kontrollen, bergensarane er jo uansett ein eiga rase, så kanskje like greitt. Nottingham viste seg frå si mest autentiske side med deileg regn. Me tok ein runde i byen og prøvde å få ta ut nokre pund, men det viste seg å vere ei umogleg oppgåve. Robin Hood hadde raida samtlege minibankar i byen, så det var ingen pund å oppdrive.

(tog for buss!)

Løysinga ble ribs & burgers på ein av desse spanande amerikanske kjedene som ein finn kasta etter seg i alle byar. Tilbake til venuen så finn me etter kvart ut at promotøren har bestemt seg for å ikkje promotere konserten, og på fellesprogrammet for klubben er Vreid annonsert, men ingen av dei andre banda. Lekkert arbeid av nok ein inkompetent løkskalle i denne herlege bransjen. Vel, vel. Oppmøtet var så der, men det vart allikevel eit fantastisk trøkk i publikum. Rett og slett mange die hard fans, og då er det alltid moro å spele.

Dag 5: London, England

(frokost; type engelsk)

Somme byar er meir forlokkande enn andre. London er ein av desse. Ein merkar det pÃ¥ stemninga pÃ¥ bussen, alle er tidleg oppe og vil ut i byen. Me spelar pÃ¥ The Underworld i Camden, som er den mest «rocka» bydelen i London. Første obligatoriske stopp er pub og engelsk frukost. Deretter gÃ¥r det slag i slag med handling i dei lokale rockebulene og smak pÃ¥ det lokale brygget. Ettermiddagen er fylt opp med intervju med blant annet Metal Hammer, Terrorizer etc… 

En time før dørane opnar så byrjar folk å flokke seg utanfor, og ein skjønnar at det blir ein bra kveld. The Underwold kokar denne tirsdagen, og for oss så blir dette turnèen sitt høgdepunkt så langt. Alt klaffar, og eg vil påstå at det er vår beste konsert nokon gong i London. Etter konserten rekk ein å få seg ein ale på puben rundt hjørnet før det er busscall. Kveldar som dette må sjølvsagt feirast, og det royale produktet Gin får ein sentral rolle.

Dag 6: Rotterdam, Nederland

Blæææhhh er blandt dei første lydane som kan høyrast frå bussen då me rullar inn i Holland. Me snakkar då ikkje om eit klassisk metal hyl, men heller på skrik etter skogens konge. Formen er mildt sagt rusken når ein entrar Baroeg denne onsdagen. For å komme på rett kjøl så er mixen av alka zeltsers, litervis med vatn og spekeskinke kuren. Når det nærmar seg speletid så er formen stigande, og ein er nok ein gang klar for å levere.

Holland er alltid bra, og denne kvelden er ikkje noko unntak. Mykje folk og veldig bra merchandise-salg. Dette er vår siste konsert i Holland på denne runden, og feiringa blir heller moderat. Denne kvelden fristar det meir med ein roleg kveld i bunken med film enn party. Ikkje alle er heilt samstemde i det. Gjennom natta kan ein høyre desperate Iron Maiden-applauderingar frå loungen, før det heile ebbar ut i 9-tida om morgonen.

Dag 7: Frankfurt, Tyskland

Vi ankommer til 25 grader og sol i denne tyske finansmetropolen. Klubben ligg midt i byen, og me ruslar rundt på jakt etter mat. Dei fleste butikkar er stengt sidan det er «himmelspretten», men tyskarane veit å feire sine fridagar. Boder som sel vin, sukkerspinn og 5 liters posar med søtt popcorn er essensielt, og er sjølvsagt akkompagnert av strålande musikk. Me finn oss til slutt ein grei cafe og valet fell på stor suppe med nudels, kjøtt og grønsaker. Stor suppe er ikkje å overdrive, då den blir servert i noko som er på storleik med ei standard vaskebøtte, men smaken er fortreffeleg.

Ein sein Frankfurter-februarkveld i 2005 vart det fiktive selskapet Segmüller Records danna av nokre bedugga sogningar på sin første europaturnè, den gang saman med danseorkesteret Enslaved. Segmüller var tiltenkt rollen som det segaste av dei sege selskapa, og ein kontrakt med Enslaved var planen. Men i selskapets sege strategiplan har kontrakten aldri blitt landa. I dag, meir enn 6 år seinare, er grunnleggjarane av selskapet tilbake på heimebane.

(fiktive direktører i verdens segeste plateselskap)

Resten av dagen gikk med på å prøve å komme seg på nett. Rett og slett utruleg kor forbanna vanskeleg det skal vere å få ein router til å funke på klubbane denne runden, og dei fleste cafeane er ikkje eit hakk betre. Rett nok har dei fleste fått med seg at den økonomiske stå i EU er slettare enn økonomien til ein festglad student dagen før stipend-utbetaling, men at dei tilsynelatande ikkje har oppgradert EDB-systemet sitt sidan ein herre med bart terroriserte kontinentet for nokre tiår sidan er rett piss.

Irritert? Tja, slik er det å vere moderne nettjunkie uten sin daglege fix. Vel, frå det eine uvesentlege til det andre. Konserten på klubben Nachtleben var rett og slett knall. Godt med publikum dukka opp denne solfylte torsdagen, og feia elegant til side myten om at tyskarane er blaserte konsertgjengarar. Bussen blei loada umiddelbart etter konsert og me setter nasen mot Katowice i Polen. 900 km skal tilbake leggast før me i morgon vaknar i Polen. Det er Vreid sin første konsert i Polen, og blir land nummer 22 i rekka som er invadert av Vreid-brigaden.

Snakkast.

Jarle, Vreid.

Tags: , ,

Del "Vreid på tur i Europa 2011, del 2"