Turnerapport fra Vreid

1
Skrevet av:
Publisert 10:37 31 May, 2011

(Vreid live i Arnhem)

Pyro-favorittene i Vreid er på veien i Europa, og deler velvillig av sine opplevelser.

Dag 1 Essen/Tyskland:

Så var det påan igjen. Vekking kl 04.15, taxi til Gardermoen. Europa «here we come». Heimefronten (våre eminente og supertålmodige frøkner) passar på ein hær av nye brigade-medlemmer heime medan me rek rundt i Europa. Minihæren er på storleik med eit lite fotballag, og me har jo vurdert å bytte ut deler av crewet med barnehagetanter, men crewet er dog freda enn så lenge. Turnepakken består denne gang av Vreid, våre gode gamle brødre i Kampfar, Bergens lause kanoner i Krakow og tyske Secrets of the Moon. Crewet er heile 6 i talet denne gangen med turnemanager, 2 lydmenn, lysmann, scenetech & merchandiser. Samla er vi 22 stk på vegen. Vår heim er nightlineren «den raude baron». Den absolutt største turnebussen me nokon gang har hatt. Med 24 bunker er den overraskande romsleg, og har bunker der til og med ein bassist på 1.96 kan strekke seg ut. Me har havarert både i Sverige, Tsjekkia og Frankrike tidlegare, så å sjå at me har det som ser ut som ein strøken buss lovar godt.

(The Red Baron)

Første konsert er Essen i Tyskland. Kanskje det hardaste området å dra folk i heile Europa. Her er det rock- og metal- konsertar kvar einaste dag, og å kalle publikum her for blaserte er vel ein hyggeleg skildring. Konserten var re-booka på 2 dagars varsel, og forventningane var heller låge. Så då er det kjekt å sjå eit bra oppmøte. Å kalle stemninga for elektrisk er vel å ta hardt i, men ein bra turnestart og ein av våre beste konsertar i denne regionen. Testa også utstyr frå våre nye sponsorar Blackstar & ESP, og det funka som fy. Gode gamle Warwick leverte ein eminent bassrigg som alltid.

Dag 2 Dokk’em/Holland

Neste dag vÃ¥knar me pÃ¥ eit jorde heilt ut mot nordsjøen i Holland. Det pøseregnar, og me er vel særs fornøgde med at Dokk’em «open air» viser seg Ã¥ ta stad i eit festivaltelt :-). Festivalen er bra organisert, og showet blir kanonbra. 1500 mennesker gir jarnet, og me har ein strÃ¥lande kveld pÃ¥ scena. Med ei slik konsert, samt at bÃ¥de lys- og lydmann har bursdag pÃ¥ denne dagen, er det pÃ¥ sin plass med «litt» feiring. SÃ¥ nÃ¥r turnèmanager Dolores troppar opp med drikke-sjetongar tilsvarande ein middels kveld i Vegas sÃ¥ gÃ¥r det som det mÃ¥. Det er ikkje berre været som blir fuktig i Dokk’em denne laurdagen.

Dag 3 Arnhem/Holland:

VÃ¥knar med «badehette» pÃ¥ søndagen, og gÃ¥r ut midt i kyrkjetida i Arnhem for Ã¥ vÃ¥kne til liv. Arnhem er ein lekker liten by, og stemningi er stor blandt sogningane dÃ¥ me fÃ¥r lapskaus pÃ¥ venuen. Ein viss overraskelse er det nÃ¥r det som ser ut som potetbÃ¥tar smakar eple, men som barn av Lerumsbygda sÃ¥ har me lært oss Ã¥ ikkje sei nok gale om denne nydelege frukten. No kan me ikkje garantere at det var sjølvaste Gravensteinen dei hadde putta i gryta, men uansett…. HerifrÃ¥ er lapskaus med eple standard. Oppmøtet pÃ¥ konserten er veldig bra, og det er ein tettpakka Willemeen me møter nÃ¥r me entrar scena denne søndagen. Holland er kanskje eit av dei beste landa i Europa for Vreid Ã¥ spele og denne kvelden er ikkje noko unntak. Topp stemning som lydmann Helge pleier Ã¥ seie. DÃ¥ set me nasen vestover og kryssar kanalen til England. Ny rapport om eit par dagar. Snakkast.

Tags: ,

Del "Turnerapport fra Vreid"