Tur-rapport Vreid i Nord-Amerika del 1

1
Skrevet av:
Publisert 11:15 6 September, 2011

(oppvaskmøte backstage)

Plutselig dukket det opp herlige bilder og ditto tekst fra Vreids pågående tur i USA. Vi kjører på!

VREID NORDAMERIKA TOUR 2011, DEL 1

Så sitter ein på ei vegskulder utanfor Vancouver i Canada. Tradisjonen tru har dekket på turnebussen eksplodert, og me ventar på nytt. Pausen brukar eg til å reflektere litt rundt Nord Amerika-turneen vår så langt. Kyrkjekonsert, dau røyskatt, tattoveringsmaskin, allsang, orkan, dedikerte fans & bading er vel det første eg tenkjer på når eg prøver å reflektere over turneen så langt.

(home sweet home)

Dag 1 Toronto:

Austkysten er nett råka av jordskjelv, det er tornado-varsel når me kjem til Toronto, og trusselen om orkanen Irene er over alt. Velkommen til Nord Amerika. Vel, vel, vær til side. Første konserten i Toronto går bra. Dedikerte fans, og godt merchandise salg gjer at dette lovar bra. Ikkje ein gang tidenes mest elendige måltid med kalde nudlar legg ei demping på energien ein har ved turnestart.

Dag 2 Montreal:

Feit by rett og slett. Konsertlokalet er fylt godt opp og stemninga er magisk. Det er allsang frå første sang, og liten tvil om at dei har venta lenge på Vreid & Kampfar. Rett og slett ein høydare av ein konsert. Etter slike konsertopplevalsar blir ein gjerne litt matt, og blir berre sittande og gape. Takk Montreal.

(Sture the donut king)

Dag 3 Kingston:

Orkanen Irene rullar oppover austkysten. Vi får beskjed om at New York er stengt for innfart, og at konserten vår der neste dag er avlyst. Det er utruleg bittert. NY-konserten er kanskje den viktigaste på heile turneen. Fullt hus og stort presseoppbud, men slik gikk det ikkje. Moder jord la nok ei gang hindringar i vegen for Vreid. Uværet er i ferd med å nå Kingston, men ein del utskremede sjeler har uansett teke turen til dette knøttet av ein klubb. På fremste rad står ei tenåringsjente og spring gjennom konserten, utvilsamt at ho hadde fått i seg noko som måtte ut igjen. Vreid, no og som aerobic band.

Dag 4 Cleveland, fridag:

God middag, drinkar & hotell. Zzzzzzzzzzzzzzz

(day-off i Cleveland)

Dag 5 Cleveland:

Full av overskudd og klar for konsert i Clevland. Utafor klubben møter me folk som har kjøyrt frå New York ( 8 timar) sidan konserten der blei avlyst. Respekt rett og slett. Publikum er ikkje det største denne kvelden, men vanvittig dedikerte. Utvilsamt mange die hard Vreid & Kampfar fans i salen. Kvelden høgdepunkt blei dog oppvarmingsbadet Silver Skull. Beståande av 2 gutar på 12 & 17 år med ei attitude eg ikkje har sett på lenge. Silver skull er det nye blodet.

(Silver motherfuckin’ Skull)

Dag 6 Chicago:

Brukte dagen i byen. Oppe i Sears Tower 412 meter over bakken, ikkje så værst. Før konserten treffte me artisten David Rich. Han hadde laga nokre fantastiske presangar til til oss: Vreid tattoveringsmaskin, lighter, maleri & Valfar action figur. Svært overraskande og utruleg fett. Etter konserten fekk me overrakt ein bamse og ei kjekspakke frå 2 unge jenter frå New Orleans. Tidlegare på dagen hadde dei overrekt Kampfar nokre vel så fine presangar. Eit bursdagskort & ein dau røyskatt, ikkje værst. Konserten gikk veldig bra, bra klubb og bra trøkk i folket.

(Valfar actionfigur!)

Dag 7 St.Paul:

Tilbake på klubben med backstagen frå helvete. Her snakkar me likkjellar, der det er foreviga koselege helsingar frå våre venner i Enslaved på trappa opp til scena:-) Fekk oss ein bedre middag på italiensk restaurant, eit nærmøte med dei lokale ekorna og ein midt på treet konsert. St.Paul er sjeldan ein høydare, bortsett frå at det virkar som om heile byen er i slekt med deg. Å være norsk i denne byen har stor status, og alle har eit søskenbarn på Gjøvik. Fekk og nye Vreid plekter levert, kvite sådann, frekt!!

(plekter-craze!)

Dag 8 Winnipeg:

Grensekontroll og inn i Canada igjen. Innkjøp av Ipad, og dÃ¥ gikk den dagen… Me spela i ein kinosal. MÃ¥te vente med load-in dÃ¥ den lokale 4. klassen hadde kinoframvisning.. Lokalet var spesielt, men veldig bra. Salen fylte seg raskt opp, og Winnipeg blei ein strÃ¥lande konsert. Stor stemning & ungt publikum. Ein real Black & Roll kveld.

(cinematic blackened metal)

Dag 9 Regina:

For eit høl. Staden osa av tristheit. Klubben var bra, men oppmøtet og publikum var labert. Rett og slett ein seg konsert. Var svært lite anna å finne på, og dette prega tydlegvis lokalbefolkniga. Daudt som i grava. Dog eit høgdepunkt; 1-0 til Norge over Island. EM nærmar seg.

Dag 10 Edmonton:

Medan konserten i Regina var i ingenmannsland, var denne klubben midt i party street. Her yra det av folk og feststemning. Dette forplanta seg inn på klubben & konserten vår. Masse folk og fullt trøkk frå første sekund. Publikum var tydleg blodfans, og dei gav ein fantastisk energi. På første rad var det alt frå headbanging til hyling & tafsing, til jenter som klina. Rett og slett eit antropologisk stilstudie. Vreid var verkeleg på hogget denne kvelden, og eg føler at me leverte ein av våre beste konsertar. Edmonton var magisk.

Dag 11 Kelowna:

Kel….kva??? Akkurat. Hadde aldri høyrt om plassen. Men snakk om perle. Som ein blanding av fagre Sogn & Spania. Mektig snøkledde fjell, store innsjøar, skog, kaktus & 30 grader . Ikkje rart dei kallar staden for Canadas Hawaii. Rett etter annkomst reiste me pÃ¥ stranda for eit forfriskande bad. Overraskingi dÃ¥ me sÃ¥g klubben var mildt sagt stor. Me skulle spele i ei kyrkje ( tidlegare kyrkje). Backline ble rigga, lysriggen var mangefull, og bestod stort sett av alterlys. Men konsert blei det. Kyrkja fylte seg bra opp, og energien av intens. Ã… stÃ¥ pÃ¥ kyrkje alterert Ã¥ spele metal pÃ¥ ein søndagskveld, medan pulikum gÃ¥r bananas og moshar rundt pÃ¥ kyrkjegolvet var mild sagt spesielt. «One for the books».

(Kelowna, Canadas Hawaii)

Nord Amerika er definitivt ikkje som Europa. Mangfaldet og absurditetane er større. Dedikasjonen til folket er heilt fantastisk, og dette løftar konsertane fram på ei heilt spesiell måte. Men ein veit aldri kva som ventar rundt neste sving. Vel, no ventar me først og fremst på eit nytt dekk, så håpar me Vancouver ventar rundt nest sving. Gir lyd frå oss igjen på slutten av turneen.

Jarle

(Jørn gjør i buksen 412 meter over bakken i Chicago)

(nye sceneantrekk)

Tags: , , , ,

Del "Tur-rapport Vreid i Nord-Amerika del 1"