St. Satan med plateinnspilling og release på 24 timer!

2
Skrevet av:
Publisert 8:02 3 February, 2010

St. Satan får en ekstremt travel lørdag med et voldsomt opplegg.

Med medlemmer fra Swamp Babies, Lost At Last og The Batallion er St. Satan et meget spennende band. Og spennende blir det også førstkommende lørdag når bandet skal spille inn en hel plate, trykke platen, samt ha releaseparty på 24 timer! Ler pressemeldingen fra bandet under. Og still på Garage i Bergen lørdag om du har sjansen.

St Satan: “Horns for adornment” – plateinnspeling og sleppefest den 6. februar 2010!

Undergrunnsslitarar, spelemannsprisvinnarar og ein av Noregs mest profilerte produsentar lagar plate og har sleppefest på under 24 timer.

St Satan er eit band frå Bergen som spelar vulgær hard rock. Den 6. februar 2010 skal debutalbumet spelast inn, miksast, mastrast, trykkast opp i eit begrensa opplag, samt gjerast tilgjengelig på internett, før utgjevinga skal feirast med konsert på Garage i Bergen samme kveld. Altså skal alt dette skje i løpet av mindre enn 24 timar!

Innspelinga skal skje i Duper Studio, med den høgt profilerte Jørgen “Dupermann” Træen bak spakene. I løpet av dagen skal bandet sine profilar pÃ¥ twitter, facebook, myspace, qik og blog oppterast jevnlig med bilder og video frÃ¥ innspelinga.

Rammevilkåra for å drive med musikk har endra seg dei seinaste åra. Bandet vil med dette vise at ein kan spele inn og gje ut ei plate med begrensa midlar, og dekke det meste av investeringa (med unntak av alle dei svette timane i øvingslokalet) allereie ved første konsert. I tillegg slår bandet eit slag for meir ekte innspelingar av musikk, der ein faktisk kan høyre at det er eit band som spelar saman i studio, i motsetnad til lag på lag på lag med instrumentar som vert spelt i takt med ein computerprosessor.

Tags: ,

Del "St. Satan med plateinnspilling og release på 24 timer!"