Siste del av Vreids reiserapport fra Europa

41
Skrevet av:
Publisert 11:00 15 June, 2011

Vi takker og bukker for en flott serie med rapporter fra Vreids tur gjennom Europa. Jarle gir deg siste rapport. All hail Vreid-brigaden!

Dag 12: Montpellier, Frankrike

Klubben ligg ikkje ved havet som me hadde håpa på , men heller på eit mindre attraktivt industri-område. Backstage er ein utendørs/brakke-rig, men med deilige 25 grader så funkar det heilt utmerket å køyre sigøynar stil. Me får jobba vidare med vår tribute til Enslaved, og den byrjar no å ta form. Gler oss til å gå i studio å recorde denne. Konserten blir ei surrealistisk oppleving. Først rad består av eit galleri av die hard fans, nokon som er så uptight at dei ser ut som statuer og ein kontaktsøkande dverg som ser ut til å nærme seg pensjonsalder. Det utviklar seg til tider til hysterisk moshing, men scenevaktane i form av lokale Hells Angels-prospekts styrer situasjonen med myndig hand. Då me ikkje får den avtalte nattmaten etter konserten, så er det stor glede når me finn ein døgnåpen McDonals på veg ut frå venuen. Det er kun drive-in som er åpen, og det ser utvilsomt segt ut når vårt fylgje på 22 over-svoltne dannar ei rekke mellom bilane. Framfor oss har me ei gruppe sigøynarar som held liv i heile køen med vill dansing og herjing. Samla må dette vere eit absurd syn for dei ansatte i burgersjappa i Montpellier denne natta.

(backstagen i Montpellier)

Dag 13: Paris, Frankrike

Paris din gamle…. Det er vÃ¥r 6. konsert i den franske hovudstaden, og konsertane her pleier alltid Ã¥ vere veldig bra. Dette blei ikkje noko unntak, tvert imot. Eit av turneens definitive høgdepunkt. Kubben er kanon, showet ser veldig bra ut, og alle band fekk knall respons. Publikummet i Paris er eit av Europas aller beste publikum Ã¥ spele for, og denne kvelden gÃ¥r inn i historiebøkene som ein av dei store konsertopplevingane for vÃ¥r del. Dagen i Paris blei brukt pÃ¥ cafe og til Ã¥ besøke kyrkjegarden der bla Jim Morrison & Chopin ligg gravlagt. PÃ¥ natta festa me oss ut av Paris og sette kursen nordover. For nokre enda kvelden i ein trailer med storfe-kadaver pÃ¥ veg til Belgia…

(Morrisons grav)

Dag 14: Vosselar, Belgia

Siste dag på turneen med dei andre banda. Me har ein dag til på vegen med festival i Leipzig, medan dette var siste kveld for dei andre banda. Dagen blei brukt til å handle på den lokale metal-sjappa og å legge seg på fortauet i sola for å slappe av. Konserten denne kvelden blei meir ein kabaret enn ein konsert. Det eine støntet avløyste de andre, og ein naken bergensar hadde ein meget sentral rolle i kveldens off-Broadway show. Oppmøtet var igjen supberb, og publikum storkoste seg på denne alternative konsert-kvelden. Merchsalget blei faktisk turneens beste, og det er deilig å stå ribba tilbake for t-shirter etc.. når turneen sluttar. Denne turneen har gått skinner frå dag 1, og me må berre få takke vårt fantastiske reisefylgje i Kampfar, Krakow & Secrets of the moon. Strålande band og suverene folk som har vore ein fryd å herje rundt i Europa med.

(Krakow ville ikke hjem)

Når me i tillegg har med eit suverent crew som ordnar alt og meir til for oss, og har hatt eit strålande oppmøte på konsert etter konsert, då er det berre å brøle eit runande TAKK til alle som har sørga for at dette blei kanskje den beste turneen me nokon gang har gjort. Då gjenstår det eit oppdrag; Wave Gotic Treffen i Leipzig i morgon, som blir for ein dessert å rekne.

(allsidig crew)

Dag 15: Leipzig, Tyskland

Då var det ut av våre kjære nightliner «den raude baron», som har gått som ei klokke, og over i ein van, segt!! Bortskjemte som me er blitt tykkjer me det er drit å kjøyre i van, men det er greit på Autobahn der dei 500 km. kan tilbakeleggast på knappe 5 timar. Autobahn er er vel ein av dei få bra tinga som blei utvikla av eit visst tysk regime nokre tiår tilbake, men her har me jaggu noko å lære i samferdsle u-landet Noreg. Samferdsle-politikken i Noreg er noko eg i raseri kunne skreve like mange bøker om som ei viss dame har skreve om (soft) isfolket, men eg skal halde meg til det eg kan. Kvar var eg, jau på veg til DDR. Svoltne som ulvar var det stor stemning då me fann ein kafeteria ved autobahn. Grosser frühstuck blei umiddelbar bestilt. Skuffelsen var dog mastodon når ein fekk servert eit stk. inskrumpet rundstykkje som var seigare enn eitkvart stonerband + 1 stk. askegrå ost og 1 stk. sur salami. Servert uten drikke er dette det stusslegaste møkka-måltidet eg har fått servert. Kvalmen overtok umiddelbart, og fjerna i det minste svolten. Vel framme i Leipzig var Wave Gotik Treffen som forventa. Eit aldri så lite freakshow med folk i alle aldrar og fasongar iført meir eller mindre klede av skin, lær og pels. Festivalen var ikkje akkurat vårt kjernepublikum, og då var det desto gledelegare at det strauma på med folk til konserten vår. Vel 1000 stk gav jarnet, og sørga for at me fekk ein knall avslutning på turneen.

(pakking av bil er som Tetris)

Dag 16: Heim, Norge

Siste etappe var fly frå Berlin heim til Gardermoen, der me som alltid måtte springe rundt halve flyplassen og leite etter gitarane som som vanleg tok ein evigheit å levere. Å reise på turne er ei fantastisk oppleving, særleg når ein turne har gått så på skinner og vore så suksessfull som denne. Men det aller beste med å reise på turne er faktisk å komme HEIM. Å komme heim til familien sin er ubeskriveleg deilig, sin eigen dusj, dass, eiga seng og ikkje minst den gode gamle norske maten som ein fantaserer om etter berre dagen på vegen. Heimkomsten blei feira med raspeballar & saltakjøt av yppertse klasse, og ein forfriskande skogstur. No er det 3 veker med litt studiojobbing & feriering før festival-sumaren brakar laus. 7 juli reiser me til Tyskland igjen, og så går det slag i slag helg etter helg fram til Nord- Amerika turneen som startar 25 august. Håpar me sjåast på vegen. Vreid brigaden trer av for denne gang.

(hjemme aller best)

Tags: , , , ,

Del "Siste del av Vreids reiserapport fra Europa"