Michael Jackson lookalike!

1
Skrevet av:
Publisert 15:19 17 september, 2010
Steinjo inspirert av MJ

Steinjo var veldig inspirert av Michael Jackson i klesveien

Det var kanskje ikkje alltid så greit å ha Michael Jackson som sitt store idol. Iallefall ikkje når det kom til stil. Steinjo var og er, som kjent, veldig inspirert av “The King of Pop”. I 16-17 årsalderen (sjå bilde over) farga Steinjo håret og augebryna svarte. Han kjøpte også svarte bukser og spisse sko/støvlettar i stil med Michael.

Men som vi har høyrt i “Private Talk” dei siste gangane, var også Steinjo vilt forelska i Lilja. Ho var så intelligent, kul og morsom, men ikkje like gira på MJ som det Steinjo var. Difor måtte Steinjo ofte digge han i skjul.

Bilde over er tatt ut frå ei av dagbøkene til Steinjo og akkurat dette Michael-bildet er SJØLVE inspirasjonsbildet hans.

Neste onsdag får vi høyre neste kapittel i Steinjos sanne historie om jakten på kjærleiken til Lilja.

Sukk…

Tags: , , , , , , ,

Del "Michael Jackson lookalike!"