Arkiv for kategorien ‘Dagens sang’

Steinjo, Are og Erlend i Bestevenn. Foto: Maria Olivia Rivedal

Steinjo, Are og Erlend i Bestevenn. Foto: Maria Olivia Rivedal

Are Kalvø gjesta Bestevenn med Erlend og Steinjo på torsdag. Der skulle han hjelpe dei to bestevennane med å lage dagens sang som er ein fast post i programmet. Lyttarane sender inn forslag med tittel og sjanger til kva sangen skal heite og kva den skal handle om. Så er det opp til Are, Erlend og Steinjo å komponere tekst og melodi. Alt dette på under ein time.

Are er, for å sitere ein sangtittel til bandet Kvelertak, ein ordsmed av rang! Ikkje uventa blei dagens sang “Det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der”, eit fyrverkeri av ein låt. Mykje takka vere Are sin hang til kløktig ordbruk. Dette er første gang han syng ein eigenkomponert låt. 

Her kan du høyre resultatet “Det er hardt å vere mjuk når du ser på meg der”:

Hardt a vere mjuk nar du tek pa meg der.

Les mer