17. mai – Pyro https://p3.no/pyro Wed, 25 Nov 2015 10:21:16 +0000 en-US hourly 1 Enslaved-Ivar talte til folket https://p3.no/pyro/enslaved-ivar-talte-til-folket/ https://p3.no/pyro/enslaved-ivar-talte-til-folket/#respond Sun, 18 May 2014 18:37:21 +0000 https://p3.no/pyro/?p=32334 mms_img719061889
I går feiret Norge 200 år med grunnlov. I Etne på Vestlandet benyttet de anledningen til å booke Ivar fra Enslaved som 17. mai-taler. Pyro gir deg talen i sin helhet. Eksklusivt!

Her i Pyro er gitarist/låtskriver Ivar Peersen ofte innom som gjest når Enslaved slipper nye plater, og den driftige gitaristen blogger så ivrig at det spruter bbq-saus fra tastaturet. Men tror du vestlendingen slapper av på sjølvaste 17. mai? Neida, i går gjorde han 17. mai-talerstolen i hjemkommune Etne til sin lille scene, og med sin sterke blanding av vikingskjegg, nynorsk og badabisj-poenger, gjorde han Etne til sitt lille Wacken på 17. mai.

Les også: En haug med blogginnlegg fra Ivar, anbefales varmt

Under moshpit-bildet får du talen, ord-for-ord, og folkens…tenk at vi lever i et land hvor en black metal-dude holder tale på nasjonaldagen. Det er ganske magisk å tenke på.

mms_img2106622481

“Gratulerer med dagen, Etne! Takk til 17. mai komiteen for invitasjonen og tillitserklæringa dette er – ja, hvis ikkje det er slik at ein eigentleg ønska seg ein skandale frå talarstolen, då – for å sprite opp stemninga, liksom. Eg er i alle tilfelle beæra. I dag er me alle Etnebuar, også me som først flytta til på åttitalet, og så flytta frå igjen på 90-tallet. Ikkje berre får eg gleda av å snakke til dykk som feirar dagen her som innfødde og heim-på-besøkande som meg; men eg får også vist fram bygda «mi» til min eigen stadig voksande familie. Ikkje berre vert eg sjølv litt større og hårete for kvart år som går, men no får me ungar også. Det å ta med dei små tilbake til «der det skjedde» er ein god test på kor godt ein kjenner seg heime, og det gjer eg verkeleg her eg drar med meg det vesle familiesirkuset rundt på 17. mai-feiring i Etne.

17. mai i Etne var mitt første møte med musikkindustrien og showbiz; det vart tråkka ein god del meter rundt i denne rimeleg omfattande bygda – i ein slags vadmelsuniform med ein tilhøyrande ekstremt varm hatt. Det var brutalt, det skal eg innrømme; men det var noko som måtte gjerast – og det ga ei god kjensle av å drive med musikk. Ei long historie gjort kort; skulekorpsets eminente dirigent skal ifølge familiemytologien vår ha tipsa mor og far om at ein el-gitar kunne vere noko for den vesle karen som bråka så fælt på trommene i pausane. Og slik byrja det. Men, for å sitere Kaizers Orchestra: «nei, nok om meg. La oss snakke litt om deg // Kva synes du om meg?»

Det er mykje i dag som handlar om å vere best – ikkje nødvendigvis i betydninga å ha inneha noko traust talent som er medfødt eller øvd fram – det gjeld å stikke seg fram, bli berømt fortast mogelegt og huska. Melodi Grand Prix Junior, Idol, Norske Talenter, X-faktor og så videre; det handlar om å komme inn frå gata og bli «oppdaga»; å sjokkere jury, sjåarar og Youtube med eit talent ikkje nokon har høyrt makan til før. Kidsa, og ikkje minst foreldrene får eit sjokkerande møte med rampelyset. Først eit positivt sjokk; det er spennende møter, produsentar med hodetelefoner og clipboards, klokker som tell ned og opp igjen på veggen, og kjendisar som sit foran ungen, riv seg i håret og gret av lykke fordi din unge er det største talentet siden Michael Jackson. Men så er det jo det, at lys som kjem på, ofte skrus av igjen. –Innan klassisk musikk har dei allereie egne program for å hjelpe anspente born, og dei første initiativa vert no tatt til tilbod for born og unge som vert overkjørt i diverse talentkonkurransar (true story). Om nokre år har me kanskje eit offentleg behandlingstilbod for reality-deltakarar og rosabloggarar også.

Det er meir enn fint nok med skulekorps, speidaren, det lokale fotballaget eller for den saks skuld kulestøt – som eg sjølv prøvde meg på i tre vekers tid på slutten av barneskulen; eg klarte ikkje å bli best sjølv om eg var den einaste deltakaren, så det var lagt på hylla rimeleg kjapt. Ein lærer seg å vere medvirkande årsak til at noko større enn seg sjølv fungerer; til og med store ting frå tid til annan– utan at flomlyset av den grunn settes akkurat på deg, eller at ein nødvendigvis kjem på tv. Sånt er godt å ha med til ein skal vere del av eit team på ein arbeidsplass, vere del av av eit band (ikkje alle kan synge eller spele solo heile tida har eg måtte leve med), vere ein av fleire husstandar i eit burettslag, eller generelt vere som deltaker i konseptet «menneskeheiten».

Eg har reist litt (no fekk eg sagt det), og ein av dei tinga som gjorde at eg skvatt litt dei første gongene i USA, og då særleg i New York og Los Angeles var den tidvise rope-snakkinga enkelte dreiv med ute blant folk; då snakkar eg ikkje om sånn finnar-eller-indre-dalstrøkingar-i Syden-høgt; der long avstand til nærmaste nabo og long tid mellom samtalene har slipt vekk heile «innestemme»-konseptet, men skikkeleg «the US of f’in A»-høgt. Kvifor skulle dei på død og liv kringkaste livshistoria si-på bygda lærte me jo at det gjeld å holde den slags lågmelt? Eg var berre 17, og som den bonden i byen eg er var og er, spurte eg nokon eg tenkte hadde peiling der borte, og fekk til svar at mange fekk det med seg tidlig i livet av foreldra og omgivnadene at ein måtte vere om seg om ein skulle verte «oppdaga»-også ute i det offentlege rom. Og no begynner same keisamme kulturen her borte i provinsielle Nord-Europa og Norge; me drøymer om at me, eller ungane våre, skal verte oppdaga og å gå frå 0 til Beyonce på eit par fredagskveldar. Nei, gå heller i skulekorps og start eit par håplause band (slik eg gjorde), eller vær ein grei fyr på det lokale laget og bli ein suveren leiar i næringslivet seinare. Er du god nok vert du oppdaga, du treng ikkje vere på audition heile tida, lzm. Å vera lagspelar er inga hindring for kreativitet og talent. Det har funka i Etne.

Eg var tidligare i år deltakar på Made In Etne Weekend; eit slags bransjetreff for kreative folk frå kultur og næringsliv med det til felles at ein er, eller har vore i Etne-bransjen. Det stadfesta verkeleg noko eg visste fra før; at det har kommet utruleg mange dyktige, oppfinnsomme og talentfulle folk frå Etne også etter Ingvar Moe – ikkje berre innan musikk, men og innan handverk, kunst, næring, design, mote og så vidare. Det er lenge sidan eg som profesjonell musikar merka meg kor ofte «Etne» dukka opp i samtalar om profesjonell lydproduksjon rundt i Norge – både i konsert- og studiosammenheng. Så har det også vorte lagt merke til at folk flyttar tilbake til Etne; noko som er smått fantastisk og ein glimrande bonus for oss avhopparar, når me kjem tilbake på besøk: me kjem til ei bygd som lev, og ei bygd full med folk me kjenner. For meg, uten familie igjen i Etne, er kontakten med alle disse flotte folka fra gamledager det som er min forbindelse til bygda. Siste åra har det blitt innspilling i ABC studio borte på gamleskulen, klassereunion på Lions klubb, og tryning  over ein trommaspelande Bjarte Rolland på Fugl Fønix under avslutningsjammen på Made in Etne Weekend; alle blant de artigste opplevelsane eg har hatt i såkalla voksen alder. Ei stor takk til dei som vart verande og alle dei som flyttar heim og gjer noko – eg vonar næringslivet og den politiske leiinga veit å sette stor pris på dei.

For ein skal vere stolt av å vere frå Etne, synes eg. Ikkje fordi f.eks Ølen er noko dårligare… eller vent litt, dumt eksempel; Ølen er jo litt dårligare. Spøk til side; det er ein bra dag å vere stolt av å vere fra, ha flytta til, ha budd i eller befinne seg i Etne for øyeblikket. Ikkje fordi det er så flott morenejord her (å du store som dei masa om morenejord på skulen), ikkje fordi Erling Skakke hadde høvdingsetet sitt her, eller fordi det ifølge Wikipedia kjem fem berømte folk herfrå (inkludert Erling Skakke og meg sjølv – kanskje Wikipedia skulle tatt ein liten oppfrisking på Etnologien sin). Nei, eg synes me skal vere stolte av dei me er, fordi me er dei me er; så enkelt er det. Å ha ein identitet fordrar å vite noko om veien fram til der ein er no. Derfor er det bra å vite noko om historia si, til dømes. Det er mange viktige fortellingar i fortellingane – som at kristningsikonet Olav den Heilage også hadde ei side ved seg som nytta metodar me i dag forbinder med diktatorar; mellom anna kua ham motstand gjennom å kidnappe heidninghøvdingar sine koner og døtre, og trua med å drepe dei dersom gubben ikkje bøyde kneet for han. Noko som ville fått einkvar mann med hjarte til å kaste gamle gudar på dynga.

Me kan tenke på at grunnlova i orignalform inneheldt innreiseforbod for jødar. Når eg vaks opp heromkring trudde eg Norge var eit av dei få landa i verda der ein ikkje dreiv med korrupsjon hverken på heime- eller bortebane. Så vart me jo betre kjent med Veidekke og Yara etter kvart. Me treng aldri bekymre oss for å falle heilt utanfor, eller gå utan pengar her i oljelandet. Men det sit igjen ein del dykkarar som fant olja for oss – dei skjelv og har vondt i hovudet, men me vil ikkje kompensere dei skikkelig for det dei ofra. Me kan stort sett sei alt det kjipe og nedverdigande om andre me kjem på, med fullt navn i kommentarfelta no til dags – for me har ytringsfrihet. No døyr snart dei siste av krigsseilarane som var med å sikre at me har den ytringsfriheten, utan at dei heller fekk den anerkjennelsen og kompensasjonen dei fortjente og ønska seg. Vår rolle som geniale lille Nobelpris-og-Oslo-avtale-Norge er å vere eit hyggeleg, tidvis belærande, fredsskapande, forhandlande og tolererande førebilde for resten av verden. Og så ender me opp med å finlese jussen for å sjå om me kan tvinge Dalai Lama til å nytte kjøkkeninngangen på Stortinget – for ikkje å tråkke Kina på tærne – slik at vil kjøpe dyre ting av oss mens dei sel oss billige ting; slik at me kan verte enda litt rikare. Eg seier altså ikkje at ein finn berre blomster og rikdom langs vegen når ein dykker ned i historia, men alt ugraset er også ein del av identiteten. Å vite om ting ein kanskje ikkje syntes funka så bra før, gjer i alle fall ein del forklaringar på notida, og ikkje minst gjer det oss eit verktøy til å endre no- og framtida.

17. mai er ein dag for å feire nasjonen Norge og vår historie. Så får ein vere raus nok til å la andre få legge det dei legg i «Norge» denne dagen. Gjer det dine kjensler for flagget noko mindre varme og ekte at andre skulle finne på å vifte med eit billigprodusert eit med litt feil fargenyansar, og gud forby: ørlitegrann feil dimensjonar? Eller for den saks skuld: kvifor skulle det påverke mi nasjonalkjensle at nokon plutselig vert heilt FN i hovudet, og vil vifte med alle slags flagg i toget? Når folk begynner å grunngi sin stolhet over noko, gjennom å påpeike at andre ting er dårlegare eller «feil», då tenker eg at me heller snakkar om usikkerhet enn stolthet. Nasjonalromantikk dreier seg for meg om malerier av fjorder, sødmefull musikk frå litt sure hardingfeler, fjordhestar (eller kva det heiter), vikinghjelmar, og å synes at damer berre er såååå flotte i bunad – alle desse tinga i seg sjølv. Fordi det er fint, heilt for seg sjølv. Ikkje fordi det er så mykje betre enn jungel, heilsure feler med berre to strengar, kamelar, masse gullringar rundt halsen og damer i meir flagrande gevanter. For ting som heile tida må haldas opp, og synes betre om enn andre ting er ein jo i bunn og grunn ikkje så genuint begeistra for, eller hur? Då er det jo akkurat som om ein ikkje heilt er sikker på kva ein syns innerst inne? Om ein er trygg på at ein er god nok i seg sjølv, at ein har ei interessant, slett ikkje perfekt, men interessant og fargerik historie, så kan ein fort få ei innsikt i at andre også kan ha ei annleis, men like interessant og fargerik historie. Det er fleire bevis på at hardingfele og tostrengs-ørkenfiolin let fett saman om dei vert håndtert av folk som kan sitt handverk.

Frå mitt ståsted ser det ikkje ut som om sletting av alle grenser, billedleg og bokstavelig, alltid fører med seg så veldig mykje meir forståelse og varme mellom folk. Tvert i mot – stadig fleire identitetsforvirra bøller slår om seg i gater og i kommentarfelt, fleire religiøse fanatikarar finn nye grupper å plage og starte krig mot. Ein treng kanskje ikkje gå heilt Jan Eggum med «mor, eg ve tebake». Men det trengs og småsamfunn, det var jæklig stas å få handskrevne brev i postkassa og ha møter på cafe som vart avtalt per telefon forrige veke og kor me har sinnsjukt mykje å fortelle kvarandre som ikkje allereie me er leie av å lese om på nett. Eg lurer og på om det hadde vert meir stas å seie «ja, me fekk forresten ein ny baby for nokre veker sidan» om ikkje alle hadde svara «ja, eg såg det…»?

Men å stå her og slå om seg med store ord om global forbrødring og forsøstring, samhald, identitetsbygging gjennom å kjenne si historie, sunn nasjonalisme og ikkje minst skulekorps; kan eg jo gje inntrykk av at eg står her og kjenner meg i posisjon til å kaste den første steinen i det norske 17. mai-huset. Men det er nok eit glashus. Me står eit par steinkast unna tidligare nevnte skular frå oppveksten. Mobbing var eit kjent fenomen også då, sjølv om me ikkje hang kvarandre ut på nettet og tok bilder i dusjen med smarttelefonar. Eg var ikkje betre enn nokon andre, så mykje kan eg seie. Når me hadde reunion i haust vart det snakka om kvifor enkelte ikkje kom; nokon av dei hadde nok gjort eit bevisst valg, og det skjønner eg godt. No står eg ikkje her og legg meg flat som ein annan politikar som har bygd noko ulovleg eller klint med feil folk slemt; den slags offentleg syndsforlatelse ville ikkje tene til noko anna enn at eg kjenner meg betre – men eg nyttar sjansen til ein liten appell; også til meg sjølv som rimeleg fersk forelder. Det er viktigare enn nokonsinne å vere involvert i kva kidsa driv med – om ikkje verda sjølv har vorte meir kynisk, så har kynismen fått nye måtar å nå fram til dei kidsa på. Om ikkje barna våre vert mobba eller slit sjølv, kan det hende dei veit om nokon andre som har det tøft – og då kan ein jo nytte sjansen; om ikkje ein skal drive å blande seg så mykje inn direkte, så kan ein jo plante idear om kva som er bra og godt her i verda. Det er tøft og kult å bry seg, og stille opp for andre som treng det. Om man henter inspirasjonen og ordlyden fra Haavamaal, Bibelen, sin indre stemme, Trond Viggo eller Dalai Lama kan ikkje vere så farleg – hovudsaken må vere å ha noko å formidle.

No vart det mykje tungt og lzm-djupt her, så eg vil gjerne få slutte med ei litt lettare historie. Den er nok ikkje heilt sann, men det er jo sjelden dei beste vitsane. Og dessutan vekker det minner om når eg skjemde ut foreldra mine gjennom å fortelle ein forferdeleg dårlig nordmannen-svensken-og-dansken-vitsen frå scena nettopp her oppe i samfunnshuset ein 17. mai for lenge sidan – då toastmasteren gjorde den grusomme tabben å annonsere åpen mikrofon. I det eg nærma meg <med lys barnestemme> «og så pissa svensken i buksa og kasta undikken over taket» sneik moderen seg langs veggen bakerst i lokalet og ut døren. Så no skal me sjå om me klarer å gjenstå sukseen: Eg hugsar alle dei gongene det var sirkus her nede på flaten når eg var liten. I denne historia var sirkusdirektøren på reise, og hadde ein heil dag å slå i hjel mens riggarane tok seg av rigginga dagen før første forestilling. Det var ein relativt liten, roleg stad og tirsdag; det einaste av interesse var ein hotellbar i det vesle sentrumet – ikkje heilt ulikt Etne sentrum. Som einaste besøkande sat han seg i baren og bestilte ein kaffe. Han spurte servitøren om det var noko som skjedde; var det noko action? Fyren tenkte seg om lenge; jo, det var tirsdag og klokka var litt over tolv. Om direktøren venta til klokka ett kom det til å skje noko spennande. Kvar tirsdag klokka ett kommer det nemlig inn ei and, setter seg ned på barkrakken og bestiller ei øl og en sandwich. Dette syntes sirkusdirektøren høyrtes veldig interessant ut, så han bestilte ei ny kaffe og satte seg til å vente. Klokka vart ett, døra smalt opp, og inn kom ei and i overall vraltande. Anda hoppa opp på krakken, og bestilte… ei øl og ein sandwich. Direktøren lot anda få i seg ein stor slurk og ein solid bit før han flytta stolen sin nærmare. Han kremta og prøvde seg med eit «ja… du kosar deg med lunchen?». Anda kikka ikkje opp, men svarte med eit kort «ja, ein prøver jo». «Ja, du.. du er ei and, du»- direktøren kom ikkje på noko betre. «Ja, det skal være Snickers og Twist» svara anda mellom to solide slurkar øl. Tydeleg imponert sa direktøren vidare «.. og du kan snakke!?». «Ja, det er ting som tyder på det», kom det fra anda. Då klarte ikkje sirkusdirektøren å halde seg lengre: «Kunne du tenkt deg å komme og jobbe for meg?». «Kva driv du med, då?» ville anda vite. «Eg er sirkusdirektør!». Anda ga han eit skeptisk blikk – «Sirkusdirektør? Kva skal du med ein snekkar?».

]]>
https://p3.no/pyro/enslaved-ivar-talte-til-folket/feed/ 0
Spilleliste Pyro # 452 https://p3.no/pyro/spilleliste-pyro-452/ https://p3.no/pyro/spilleliste-pyro-452/#comments Tue, 17 May 2011 21:00:07 +0000 http://nrkp3.no/pyro/?p=15129

Bjørnstjerne Bjørnson ser ikke blid ut når vi foreslår kandidater til ny nasjonalsang.

Heldigvis skal ikke Ja Vi Elsker kasseres på lang tid, så sistetimen i dag var bare en feiring av 17. mai med det vi mener burde vært kandidatene om Norge skulle valgt ny nasjonalsang. I en fiktiv fremtid. Her er hele sendingen:

Rainbow-Jealous Lover

The Answer-Rock N’ Roll Outlaw

Enslaved-Heimvegen

Insense-Burn In Beautiful Fire

Deftones-Bored

Hell-On Earth As It Is In Hell

Allfader-Titans March

In Flames-Deliver Us

Bhayanak Maut-Ungentle

Judas Priest-Hell Bent For Leather

Corsair-No Dawn Of Man

Avenged Sevenfold-Not Ready To Die

TNT-Seven Seas

Turboneger-I Got Erection

Purified In Blood-Under Den Svarte Himmel

Stage Dolls-Soldiers Gun

Backstreet Girls-Gimme Just A Second

Equinox-Auf Wiedersehen

Jørn Lande-Man Of The Dark

Tindrum-Drums Of War

Kvelertak-Mjød

Enslaved-Ethica Odini

]]>
https://p3.no/pyro/spilleliste-pyro-452/feed/ 3
Pyro # 452 i kveld på P3 fra 21 til 23 https://p3.no/pyro/pyro-452-i-kveld-pa-p3-fra-21-til-23/ https://p3.no/pyro/pyro-452-i-kveld-pa-p3-fra-21-til-23/#comments Tue, 17 May 2011 07:00:52 +0000 http://nrkp3.no/pyro/?p=15071

En gledelig 17. mai til alle sammen. Norsk fokus i kveldens sending.

Vi har fått med oss at det er 17. mai i dag, at nasjonen feirer, og at alt er bare vakkert. Derfor gir vi dere en hel time med de sangene som vi mener bør få tittelen “nasjonalsanger” for metal-fansen. En hel time med norske klassiske rocke-låter som får ny merkelapp i løpet av timen. Vi skal også være globale og intervjue indiske (!) Bhayanak Maut som spilte på årets Inferno-festival, vi skal gi vekk den nye platen til Insense, og vi skal spille helt ny musikk fra In Flames, Enslaved og The Answer. Gratulerer med dagen!

]]>
https://p3.no/pyro/pyro-452-i-kveld-pa-p3-fra-21-til-23/feed/ 5