Malene Drivenes – Popsalongen https://p3.no/popsalongen Mon, 10 Aug 2015 09:35:08 +0000 en-US hourly 1 Er det beef du vil ha…? https://p3.no/popsalongen/er-det-beef-du-vil-ha/ https://p3.no/popsalongen/er-det-beef-du-vil-ha/#comments Wed, 23 Mar 2011 16:24:39 +0000 https://p3.no/popsalongen/?p=2794  

Montèe sin Erlend Mokkelbost, Anders Tjore og Maya Vik (som ikkje var med i Popsalongen denne gang, men som sikkert hadde skikkelig lyst til å vera der). Foto: Promo

 

 Når Popsalongen sin, one and only, Mr.Leo er ute og tråler Bergen sine gater etter meir eller (mest)mindre kjende band, har det ein tendens til å ende med battle.

For bergensarane har ingen skruplar når det kjem til å sparke frå seg;Razika har yppa med Kvelertak, Kakkmaddafakka har tenkt stygge tankar om Tôg og i førre veke meinte Matias Tellez at Montèe burde bli droppa frå spelelistene og heller komme seg på studentradioen. Og som det politisk korrekte programmet Popsalongen er, så gav me sjølvsagt Montèe moglegheita til å svare på tiltale.
 

mattiastelelz om montee

Eit pinleg møte

 
For det første så er me ikkje førti år, så det kan han berre dra til Bergen å … seg med (dei ellers så beherska Montèe vart ganske så frisk i språket når dei byrja å snakke om Mr.Urørt 2008), seier Erlend Mokkelbost som faktisk har møtt Matias på eit ytterst pinleg møte med Duracell. Batterimerket ynskja vist å sponse eit band med ein million kroner (noko som viste seg å vera bull og bedrag), men den einaste som kunne tenkje seg ei framtid saman med den hoppande rosa kaninen var Matias Tellez.

– Det å vera eit duracellband er jo ikkje det kulaste, meinar folk fleste i alle høve. Men Matias kan jo ta det på ung og dom kvota, meiner Mokkelbost.

– …..og lovande på tiande året, legg han til. Popsalongen sin programleiar syntest det er deilig å starte litt beef og er godt nøgd med at også Osloband kan vera litt feisty.

–  Kvar blir det av Matias si plate då..?

– Matias Tellez kven er det? Eg har aldri høyrt om han eg! Erlend har framleis meir på lager og benyttar anledninga til å reklamere for Montèe sitt album før han sender ut ei etterlysing på Tellez si plate. Andreas byrjar på dette tidspunkt å bli ganske så nervøs for at Montèe har meir å komme med og at dette skal føre til ei regnbye av dødstrugsmål frå Bergen . Så han får Montèe til å komme med deira topp tre liste, før dei får fyrt av meir krutt.

montee om mattias

]]>
https://p3.no/popsalongen/er-det-beef-du-vil-ha/feed/ 1
-Bandet var crap! https://p3.no/popsalongen/bandet-var-crap/ https://p3.no/popsalongen/bandet-var-crap/#respond Wed, 09 Mar 2011 13:40:40 +0000 https://p3.no/popsalongen/?p=2576 Tysdag 08.mars besøkte Bigbang Popsalongen for å snakke om det nye albumet, kjærleiken og kva som får Greni til å hoppe frå tak støtt og stadig.  

På det nye albumet til Bigbang er sjelelivet som er fokus. Foto: Stian Andersen

Kva er det du står å voggar etter?? Sei no berre det du tenkjer på då! Popsalongen sin programleiar står og trippar, og er så nervøs at Øystein Greni har lukta lunta allereie før han entra Marienlyst. Andreas skal til å stille seg i rekkja av kreative folk som har spurd Greni om brotet med ekskona.

– Veldig mange har hatt fokuset på brotet. Er du lei av å snakke om det? Angrar du på at du rulla denne historia opp?

Neida, eg angrar ikkje. Dette er noko alle går igjennom og i slike situasjonar høyrer ein på musikk. Og eg lagar musikk frå livet mitt, så eg kan då ikkje drive å lyge til folk og sei noko anna enn det eg føler, svare ein open Greni. Nice save!

greniomkjærleik

Dårlig band blei til stagedive

Bigbang har blitt kjend for å vera eit av dei beste livebanda i landet,og etter konserten på Operahuset i fjor sommar har det ikkje blitt mindre mas.  

– For å vera helt ærlig så byrja eg med all tullballet for å ta merksemda vekk frå kor dårlig eg syntest bandet høyrtes ut. Men no høyres det jo bra ut, så burde eg  eigentleg slutte med slikt og bli kjedeleg, seier Greni.

greniomstagediving

– Men Operahuset var ein heilt grusom konsert for meg! For det var ei slags forsinkelse på lyden så folk stod å digga i utakt, og eg viste jo at dette fekk oss til å sjå skikkelig dom ut så eg blei heilt psyka ut. Då hoppa eg i vatnet og han der sikkerheitsvakta kasta ein bøye i hovudet på meg, så eg haldt på å bli slått medvitslaus fordi dei er så tunge, fortel Greni.

Bigbang måtte sjølvsagt klimpre litt på gitarar og trø til med musikk når dei var i studio, så dei slo til med låta Cigarette frå det nye albumet deira Epic Scrap Metal. Etterfølgt av ein cover av det P3 aktuelle bandet Turns sin Do it again.


]]>
https://p3.no/popsalongen/bandet-var-crap/feed/ 0
– Litt sånn glad kristenrock….? https://p3.no/popsalongen/litt-sann-glad-kristenrock/ https://p3.no/popsalongen/litt-sann-glad-kristenrock/#respond Mon, 28 Feb 2011 14:26:34 +0000 https://p3.no/popsalongen/?p=2499 I dag fekk Popsalongen besøk av to  bandmedlem, dei som var flinkast til å snakke i følgje dei sjølv, i Urørt bandet Departure.

Sjølv om trondheimsbandet skal spela under Spellemann til helga og singelen deira Half/Split har gått på repeat på radioen i lengre tid, så er det ikkje sikkert at alle har fått augo heilt eller halvvegs opp for trøndarane. Dette måtte ein jo finne ut av!

Er dette eit gladkristent rockeband eller spelar dei meir trashy rock? Foto: Urørt/Departure

Så med dette  bilete av (boy)bandet gjekk me rundt og spurde kva mannen i gata tenkte når han såg det. Backstreet Boys, trashy rock og wannabe indie-rock var nokre assosiasjonar folket fekk.
]]>
https://p3.no/popsalongen/litt-sann-glad-kristenrock/feed/ 0
Vinn billettar til Kråkesølv-konsert! https://p3.no/popsalongen/vinn-billettar-til-krakes%c3%b8lv-konsert/ https://p3.no/popsalongen/vinn-billettar-til-krakes%c3%b8lv-konsert/#comments Thu, 24 Feb 2011 11:15:04 +0000 https://p3.no/popsalongen/?p=2446
Denne veka rundar Kråkesølv-gutta av sin noregsturne, etter å ha reist opp, ned og inn i alle krokar av landet den siste halvanna månaden.
Popsalongen har billettar til dei to siste konsertane, som blir delt ut til lesarar på nett. Du kan få dei for ein slikk og intenting! Det einaste du treng å gjera, er å leggja att ein kommentar der du fortel om ditt beste Kråkesølvminne.
Kråkesølv ser ut som englegutter, men er de det? (Foto: Martin Losvik)

Kråkesølv ser ut som englegutter, men er de det? (Foto: Martin Losvik)

Sidan turnéen framleis ikkje er heilt ferdig, så må du skrive kvar du ynskjer å sjå dei luse-bekledde nordlendingane på scena.
Fredag er det Kvarteret i Bergen som skal bli varm i kinna,og på laurdag vert turnéen avlutta på Øya på Stord.

Kva er ditt beste Kråkesølv-minne?

Hugs å skriv mail-adresse og om du vil ha billettar til konserten i Bergen eller på Stord.

]]>
https://p3.no/popsalongen/vinn-billettar-til-krakes%c3%b8lv-konsert/feed/ 16