video – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 – Inn med farsmelka? https://p3.no/p3morgen-arkiv/inn-med-farsmelka/ Mon, 21 May 2012 12:41:35 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10222 I “Den STORE vassleiken” ber eg Silje og Yngve fylle munnen sin med vatn, og så spelar eg av klipp.
Klippa er eiegentleg heilt vanlege klipp frå fjernsynet, men om du legg godvilja, og den grove fantasien til, så blir det ganske morsomt.

I dag var der hesteridning og 17. mai i fokus. Sjå video her:

I dag tipsa lyttarane Amanda og Bjørn Helge om to ulike klipp.

Amanda har nett sett episode 5 av P3.no-serien La Linnèa Leve, der Linnèa er på ridetur. Sjekk ut episoden her:

Bjørn Helge observerte feilslått bruk av uttrykkjet “fått det inn med morsmelka” i NRK si 17. mai-senidng.
Det originale klippet ligg sjølvsagt tilgjengeleg i NRK sin nett-tv, og du kan sjå det her!

Dersom du oppdagar noko som kan tolkast litt grisete i eit heilt vanleg tv- eller radioprogram, så elskar eg deg om du sender tips til ronny@nrk.no! T-skjorte til alle som får tipset brukt på lufta!

]]>
Shaun Bartlett sine livelåtar https://p3.no/p3morgen-arkiv/shaun-bartlett-sine-livelatar/ Fri, 18 May 2012 13:01:06 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10206 På sjølvaste nasjonaldagen hadde P3morgen sending direkte frå stova mi. Stor stas! I denne sendinga var Shaun Bartlett på besøk, og han spelte to herlege livelåtar. Høyr og sjå dei her!

Girls just wanna have fun

Shaun framførte ein cover på nasjonaldagen. Eigentleg ei partylåt, men Shaun tok den ned i ein noko meir lågmælt versjon, for alle som kanskje ikkje var klare for årets 17. mai-fest.
Sjå den nydelege framføringa her:

Slik høyrdest det ut på radio:
Shaun Bartlett – Girls just wanna have fun

In no time

I tillegg til den nydelege festcoveren framførte Shaun òg ei rykande fersk låt som han nett har skrive. In no time. Høyr den her:
Shaun Bartlett – In no time

Vil du høyre meir av Shaun, og resten av vår store nasjonaldagfrukost?
Sjekk ut P3morgen sin podkast!
P3morgen 17.05.12

]]>
Russeknute: 6 Mariekjeks på eitt minutt https://p3.no/p3morgen-arkiv/russeknute-6-mariekjeks-pa-eitt-minutt/ Thu, 10 May 2012 11:45:49 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10127

Yngve arrangerar sin store vårquiz. Taparen må bade før 17. mai, vinnaren slepp. Som du ser til høgre på sida her, eg ledar 5-4 over Silje.
Nokre utgåver av quizen er sokalla praktiske rundar. I dag skulle vi prøve oss på russeknuta “spis seks Mariekjeks på et minutt.”

Sjekk korleis det gjekk i videoen over her!

]]>
Fikk lærerne til å skulke https://p3.no/p3morgen-arkiv/fikk-laererne-til-a-skulke/ Thu, 26 Apr 2012 07:47:57 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10046 Thomas Dybdahl i P3morgen fra Giske skole i Sandnes. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Thomas Dybdahl i P3morgen fra Giske skole i Sandnes. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Se video av nydelige “Cecilia” med Thomas Dybdahl, fra lærerværelset på Giske skole.
]]>
Vi mimrar – på video! https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-mimrar-pa-video/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-mimrar-pa-video/#comments Wed, 21 Mar 2012 10:26:22 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=9842 Denne veka mimrar vi i radioen fordi Live skal bli mamma og difor forsvinn ut av radioen for å oppdra avkom.
Mykje av det du høyrer på radio denne veka finst på video òg. Og så er der ting vi berre har på video. Difor: Her er ein mimrebloggpost stappa full av gøyale P3morgenvideos. Kos deg!


bursdagen til Live, 10. desember, kom Thom Hell på overraskelsesbesøk. Live elskar Thom, sånn reint musikalsk, og då spesielt låta Darling. Sjå Thom overraske Live her:

Vi ga Yngve ein ridetime i bursdagsgåve ein gong. Og så fann nokon ut at alle kunne bli med, og at det hadde vore kult med passande kostymer. Dette er ein video frå P3morgen sin ridetime:

Her er eit fjasete fredagsklipp der Live hikkar og Yngve har spiseforstyrrelsar:

Marion Ravn arrangerte X-factoraudition for oss i P3morgen. Det gjekk sånn akkurat passe. Sjå det på video her:

Her syng Didrik Solli-Tangen og Live duett. Eller… Live rappar.

I fjor arrangerte Yngve julequiz i P3morgen. Taparen måtte setje opp eit lite juleshow då vi hadde sesongavslutning direkte frå Store Studio. Her kan du sjå Live framføra eit noko skittent minishow:

Og her syng Live “When you wish upon a star” saman med Thom Hell på julefrukosten vår:

Live har tapt førjulsquiz før, ho! I 2010, under P3 JuleSessions, måtte ho som straff for å tape, framføre O’ Helga Natt. Åleine, framføre over 1000 publikummarar på Sentrum Scene. Sjå det her:

Visste du at Live er skikkeleg dårleg på teikning? Sjå her:

I fjor haust gjorde Live braksuksess med serien “Dama til”, der ho sjekka korleis det er å vera kjærasten til norske kjendismenn. Yngve lanserte motspalta “Typen til”, der han sjekka kjærastepotensialet til Live. Her testar vi kriteriet “hun må se bra ut når hun løper”, som ein lyttar sendte inn:

Har du stemt på Live som årets tv-navn, forresten?

Eit anna kriterie var at ho må vera god på å lage mat:

Enno meir matlaging med sexy bevegelsar:

Her lærer Live yoga av Ravi:

Då Henning Solberg var på besøk utfordra Live han til SignStar-duell. Sjå her:

Plutseleg ein dag var der eit piano i studio. Live prøvde å briljera:

Meir sang! Her prøvar Live å imitere Shakira!

Enno meir song! Denne gongen frå redaksjonslokalet, og frå Romeo & Juliet:

Og dette må jo opplevast igjen og igjen. Susanne Sundfør overraskar Live med favorittlåta hennar på siste sending før permisjon:

Har du forresten sett topplausbiletet av Live?

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-mimrar-pa-video/feed/ 2
Sjekk ut promofilmane våre! https://p3.no/p3morgen-arkiv/sjekk-ut-promofilmane-vare/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/sjekk-ut-promofilmane-vare/#comments Thu, 08 Dec 2011 16:34:14 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=9034

No for tida surrar to små P3morgen-videoar mellom fjernsynsprogramma på NRK. Sokalla promofilmar. Sjå dei her!

Filmen om Live:

Filmen om Ronny:

Kva tykkjer du?

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/sjekk-ut-promofilmane-vare/feed/ 7
Korleis er Live som kjærast? https://p3.no/p3morgen-arkiv/korleis-er-live-som-kjaerast/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/korleis-er-live-som-kjaerast/#comments Thu, 10 Nov 2011 12:34:49 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8490

Live er for tida aktuell med fjernsynsserien “Dama til…”, der ho sjekkar korleis det er å vere kjærasten til norske kjendismenn. I P3morgen sjekkar Yngve korleis det er å vere “Typen til” Live. Kan ho for eksempel lage eit kjærleg måltid?

Yngve elskar matretten Arme Riddere, og meiner at eit godt kjærasteemne skal kunne klare å lage dette.

Difor vart Live utfordra på dette.

Her kan du sjå korleis det heile gjekk føre seg:

Fekk du ikkje sett første episode i fjernsynsserien til Live? Her kan du sjå korleis Kristian Valen er som kjærast:

Kva andre ting bør ein bra kjærast vere god på? Foreslå gjerne i kommentarfeltet. Neste torsdag må Live på ei ny prøve.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/korleis-er-live-som-kjaerast/feed/ 2
Reiseskildring frå Bodø https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/#comments Thu, 22 Sep 2011 12:55:17 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8027

Hei bloggen!

Vi i P3morgen var med då P3 arrangerte skulefest for Løpsmark skule, rett utanfor Bodø. Eg vil i denne bloggposten skildre reisa vår gjennom video, fotos og lyd. Kall det ei finurleg reisereportasje, om du vil.

Tysdag 20.09


Frøken Nelvik hadde sjølvsagt laga seg matpakke. Brødet var sjølvsagt heimelaga. Her poserar ho med maten, direkte frå flyplassen i Bodø.


Framme på Løpsmark skule. Sola skin og stemninga står i taket. Her ser vi produsent Maria, Yngve og Silje vise kor kjekt dei har det på tur!


Etter å ha sjekka alt teknisk åt vi ein betre middag på ein av Bodø sine thairestaurantar. Denne var vi òg på sist vi besøkte byen. Du kan trygt seie at det har blitt vår stamplass i Bodø. Sjå kor lukkelege og mette heile gjengen er. Live og Silje hadde til og med shoppa seg kvart sitt par sko, og var frå seg av begeistring!

Som om ikkje det var nok, oppdaga Yngve denne Odd-Karsten Tveit-dukka i eitt butikkvindu:

Då skal du vete at det klikka for Yngve! Han ropte av glede, og måtte straks twitre om dukka.


Etter middag cruisa vi gjennom vakkert landskap, mot Saltstraumen. Alle hotella i Bodø var reservert av Norsk Sjukepleiarforbund, som hadde konferanse i byen denne dagen. Hotell Saltstraumen hadde derimot rikeleg med plass, og vi fekk ei unnskulding for å oppleve ein verdskjend attraksjon på skikkeleg nært hald!

Onsdag 21.09

Dagen var komen. SkuleSessions skulle gjennomførast, og vi starta dagen rett ved underverket Saltstraumen klokka 05:00. Eg var sjølvsagt sistemann ut av hotellrommet. Fordi eg er treg.

Vel framme på Løpsmark skule sendte vi direkte frå lærarrommet. Vi fekk mellom anna besøk av Magnus Eliassen. Han er halve Sirkus Eliassen. Dei som har hatt årets sommarhit med “Hjem til dæ”.
Her framførar han låta:

Stilig!
Yngve ville òg ta bilete av meg og Magnus, fordi han syns vi var så like på håret.

Eg måtte òg smake på tørrfisk i spalta “Ronny smakar på vanlege ting”. Sjå korleis Live reagerar på tampen her:

Silje lærte ein gjeng frå 10. klasse korleis ein skal oppføra seg på konsert.

Her kan du høyre korleis det gjekk føre seg:
Silje underviser

Kjempestemning!

Etter sending hang vi rundt på skulen. Sjekka ut konsertarenaen, såg på at resten av P3 jobba, åt pasta.

Her poserar Silje og Live framfor ein skokk med kids på veg til årets feitaste skuledag:

Etterpå reiste vi heim. Her er eit kunstfoto produsent Maria har tatt av Yngve som speidar ut av flyvindauget. Perfekt avslutning på denne bloggposten, spør du meg.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/feed/ 2
Dale Oen og gymbagen https://p3.no/p3morgen-arkiv/dale-oen-og-gymbagen/ Thu, 22 Sep 2011 11:21:10 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8022

I dagens sending var Alexander Dale Oen innom på besøk. Han er sjukt flink til å svømme, og har mellom anna vunne VM-gull! Han svarte villig på alt lyttarane lurte på, og så fekk vi lov til å rote i gymbagen hans. Han kom jo trass alt rett frå ei 3 timar lang treningsøkt.


Vil du høyre praten vår med Alex i sin heilhet kan du laste ned podkasten vår. Den finn du i iTunes, eller som mp3-filer her!

]]>
Ravi + Live + Yoga https://p3.no/p3morgen-arkiv/ravi-live-yoga/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/ravi-live-yoga/#comments Wed, 31 Aug 2011 11:58:30 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7777 I går lærte Idol-programleiar Ravi oss yoga. Der går nemleg rykter om at han er skikkeleg, skikkeleg god på denne rolege sporten.

Sjekk video her:

Keen på meir Ravi frå P3morgen? Her kan du sjå video av sist han var innom!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/ravi-live-yoga/feed/ 1