utøya – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 – Det verste augneblunket https://p3.no/p3morgen-arkiv/det-verste-augneblunket/ Tue, 09 Aug 2011 11:28:50 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7481

Anniken Huitfeldt om 22.07, natta saman med foreldra som aldri skulle få sjå barna sine att og Utøya som ungdomstidas paradis i dagens P3morgen.

Kulturministeren var på veg til Moldejazz då bomba gjekk av i Oslo. Ho vart sitjande framføre fjernsynet på hotellrommet, og fekk etterkvart ein telefon frå ein god venn i AUF.
– Det var rett etter skytinga hadde starta. Han var livredd, og ba meg ringje politiet. Han hadde eg kontakt med heile vegen.
Anniken kom seg etterkvart med eit postfly til Oslo, og køyrde rett vidare til Sundvollen Hotell. Der tilbragte ho natta saman med dei foreldra som ikkje fekk barna sine attende i live.
– Eg sat mesteparten av natta saman med dei.
– Korleis var det?
– Det er det tøffaste eg har gjort i heile mitt liv. Fyrst venta vi på bussen. Der kjem ungdommar av, men deira kjem ikkje. Og så får vi beskjed om dødstala midt på natta. Det var det verste augneblunket.

Høyr Anniken Huitfeldt fortelje om sine opplevingar 22.07 her:
Huitfeldt om 2207

SJÅ: NRK-dokumentaren om 22.07.11

Gret av AUF-applaus

Anniken har fleire gonger vore attende på Utøya for å halde innleiingar for ungdomspolitikarane.
– Eg kan ofte byrje grine når eg får applaus frå AUF. Aldri ellers. Men det er noko med AUF. Heile ungdomstida kjem attende.
Og Anniken hugsar fyrste gongen ho var på Utøya.
– Det var min fyrste ferie åleine. Men ein var jo ikkje åleine, for dei eldre passa jo på. Og mange av mine beste vener møtte eg på mi aller fyrste sommarleir.

– Då var faktisk Jens Stoltenberg nyvlad leiar i AUF. Ein kunne vinne ein tur med han langs kjærleiksstien som går rundt øya, fortel Huitfeldt. Ho vann ikkje.

Ein sommar spelte deLillos i forsamlingshuset.
– Konserten var inne, og scena er jo berre omkring 20 centimeter over bakken. Du får jo ei heilt fantastisk kontakt. Eg har aldri vore på deLillos-konsert kor eg har vore så nær. Det var det som var så spesielt.

Høyr Anniken fortelje om ungdomstida på Utøya og minnene derifrå:

Huitfeldt om Utøya

Musikk som trøst

I dagens P3morgen ville Anniken Huitfeldt òg anbefale musikk ein kan trøyste seg med. Mellom anna plata til bluesartisten Rita Engedalen, og denne lista frå musikktenesta Wimp.

Om du ønskjer å høyre heile intervjuet med kulturminister Anniken Huitfeldt kan du laste ned P3morgen sin podkast. Den finn du via iTunes eller som .mp3-filer her.

]]>