under huden – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Klinte han båten i senk? https://p3.no/p3morgen-arkiv/klinte-han-baten-i-senk/ Tue, 07 Jun 2011 12:40:21 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6850

Alejandro Fuentes vart med vår eigen Yngve ut i båt i dagens P3morgen. Og på spørsmål om tidlegare sommarflørtar dukka det mykje omtalte båtkræsjet opp.

Kræsja Alejandro båten fordi han var midt i noko dryg klining? Høyr sommarpraten her:

Kast loss med Alejandro Fuentes

Ferdig med båtkræsjet

Det var i 2007 at Alejandro kræsja cabincruiseren sin inn i fleire småbåtar i Kristiansand. Sjølv har han for lengst lagt den fire år gamle snakkisen bak seg.
– Det er så gammalt, sa han i dagens P3morgen.
– Korleis følast det at folk framleis nevner det, fire år etter?
– Det går heilt greitt. Eg er ferdig med det, men det går heilt greitt.

Alejandro jobbar for tida med nytt soloalbum etter fire års pause.
– Det er både rart og veldig deilig å vere tilbake, seier Alejandro som kunne røpe at han kanskje ikkje er godt nok førebudd.
– Bunken med sangtekstar er nok ikkje så stor som den skulle ha vore. Det har blitt mykje Angry Birds og Playstation.

Høyr Alejandro prate om nytt album og forholdet til å vere på turnè med gitarkameratane sine:
Alejandro om musikk

Vil du høyre heile intervjuet med Alejandro Fuentes kan du sjekke ut P3morgen sin podkast. Den finn du både i iTunes og som .mp3-filer her!

]]>