twist – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Høgdepunkt frå Paradise Hotel-finalen https://p3.no/p3morgen-arkiv/hogdepunkt-fra-paradise-hotel-finalen/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/hogdepunkt-fra-paradise-hotel-finalen/#comments Thu, 31 May 2012 22:22:11 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10315 Yngve, Ronny og Silje klar for Paradise Hotel finale. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Yngve, Ronny og Silje klar for Paradise Hotel finale. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Du kan tru det var tre spente morgonprogramleiarar som venta på finalen i Paradise Hotel i kveld. P3morgen rigga seg til med chattefunksjon for å halde deg og meg oppdatert under heile finalen.

Ronny og Silje har som kjent sett alle episodane av Paradise Hotel denne sesongen. Og dei to hadde store forventningar til kveldens finale.

Silje håpte på grining og Ronny håpte på ein lur twist medan Yngve var Paradise-jomfru og håpte berre på at han ikkje vart avhengig no heilt på tampen.

Her ser du høgdepunkt frå Paradise-finalen:

Augeblinken vi alle har venta på er her. Stian får i oppgåve å avgjere kven som vinn heile Paradise Hotel. Men kva gjer han? Stiller seg i midten? Sjå Silje, Ronny og Yngve sin reaksjon:

Vida og Miguel er i gullballduell. Sjå kva som skjer når Vida slepp ballen:

Fornøgd med finalen

Paradise-veteranane Ronny og Silje er ikkje skuffa sjølv om finalen vart litt forvirrande. Dei er begge einige i at Stian fortener pengane ettersom han har vore der sidan starten. Yngve som såg sin aller første Paradise Hotel episode i kveld, seier at han framleis ikkje forstår nokon ting.

Alle var uansett einige i at det hadde vore ein kjekk kveld og spennande finale. Det kom også ei tåre frå Miguel som trudde han vart rik og Ronny seier seg godt fornøgd med opp til fleire twistar undervegs.

Her ser du P3morgen i full konsentrasjon under finalen:

Slik var steminga midtvegs i finalen - djup konsentrasjon. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Slik var steminga midtvegs i finalen - djup konsentrasjon. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

]]> https://p3.no/p3morgen-arkiv/hogdepunkt-fra-paradise-hotel-finalen/feed/ 2