tv – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Gahr Støre om havregraut https://p3.no/p3morgen-arkiv/gahr-st%c3%b8re-om-havregraut/ Thu, 18 Aug 2011 10:32:01 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7613

Utanriksminister Jonas Gahr Støre var gjest i dagens P3morgen. Han delte mellom anna oppskrifta på sin, i følgje han sjølv, enkle havregraut.

– Havregraut er noko eg er veldig glad i sjølv, og som eg har fått ungane mine til å like, sa Støre, som lagar frukost til familien kvar dag.
– Det er ein viktig del av morgonen, for det er ei tid vi har felles.

Jonas Gahr Støre bløyter opp havregrynet med vatn. Deretter kokar han inn grauten med melk og sukker.
– Og på toppen likar eg å ha litt kald melk og kanel, seier Jonas, som gjerne òg har på rosiner og mandlar om han vil gjere seg litt ekstra flid.

Høyr Jonas Gahr Støre om morgonrutinene sine her:
Jonas Gahr om graut

Ser ikkje på TV

Jonas Gahr Støre kunne òg fortelje at der blir mykje kveldsjobbing som utanriksminister.
– Kvar dag når eg går frå jobb, får eg med meg ei svær mappe. Der ligg det rapportar frå alle ambassadane våre. Og den les eg kvar kveld, sa Støre, som meiner ministerjobben krever at ein må leve ordna og disiplinert.
– Ser du for eksempel på tv-seriar?
– Nei, veldig lite. Eg ser veldig sjeldan på tv, seier Støre, som fortel at han må bruke vener og barn for å i det heile tatt kunne følgje med på kva som går.
– Har du aldri sett Sopranos?
– Det har eg. Men eg må inrømme at eg ikkje vart så hekta at eg kjøpte inn fire sesongar og sette meg til rette.

Høyr praten om ministerjobben, reisinga og korleis Støre koplar av her:
Jonas Gahr om jobben

Om du vil høyre resten av intervjuet med utanriksministeren, kan du laste ned P3morgen sin podkast. Den finn du både i iTunes og som mp3-filer her.

]]>
Sjå Linni Meister gjere stand-up https://p3.no/p3morgen-arkiv/linni-meister-stand-up-tv-i-usa/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/linni-meister-stand-up-tv-i-usa/#comments Mon, 09 May 2011 11:09:40 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6506

I dag var Linni Meister på besøk i P3morgen. Ho har for tida eige tv-program på TV 2 Bliss, tar lappen, er modell, artist, skodespelar (og har kanskje rolle på gang i ein ny, amerikansk tv-serie kalla “Aspen – The Series”).

Hos oss fekk ho prøve seg som komiker, då ho skulle framføre vårt spesialskrive standupshow. Sjekk det ut i videoklippet over her!

Kanskje amerikansk tv-serie?

Linni kunne under dagens P3morgen-sending avsløre at ho er supergira etter å ha vore på casting til ein ny, amerikansk tv-serie. No håpar ho at ho får rolle, og får vere med på innspeling i USA. Høyr Linni fortelle om den moglege skodespelarjobben her:

Linni om tv-serie

Linni er handy

På spørsmål frå fredagens gjest, Erik Solbakken, om kor vidt Linni er guttejente, kunne Linni fortelje at ho er veldig handy:

Linni er handy

Har stalkers

I dagens sending kunne Linni òg fortelje at ho stadig opplever at folk tek bilete av og filmar ho i private settingar. Seinast i går på Tusenfryd.

Høyr Linni prate om stalkers her:

Linni om stalkers

Om du er keen på meir Linni Meister, kan du laste ned dagens P3morgen-podkast. Der får du mellom anna høyre den mørke og skumle monsterstemma hennar. Og Stavangerdialekta. Podkasten kan du laste ned her, eller via iTunes.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/linni-meister-stand-up-tv-i-usa/feed/ 6
– Har blitt stempla som dum https://p3.no/p3morgen-arkiv/har-blitt-stempla-som-dum/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/har-blitt-stempla-som-dum/#comments Mon, 14 Feb 2011 12:30:12 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=5101 Kathrine Sørland (foto: Yngve Hustad Reite/NRK)

Kathrine Sørland fortalde om at ho har slete med typiske modellfordommar i dagens P3morgen.

Det var i spørsmålsstafetten, der Sørland fekk spørsmål frå Siv Jensen, som var innom på fredag, at fordommar vart tema.

– Fordi du er modell, pen og vakker. Blir du per definisjon stempla som dum?

– Det er klart der er mykje fordommar. Eg møter på dei ganske ofte. Spesielt før, då eg var yngre, frå jenter ute på byen, svarte Kathrine.

– Mange gonger føler ein at ein må bevise ekstra mykje. Eg kjenner ofte at eg er litt ekstra svett under armane, fordi eg har stått ekstra på, sjølv om eg eigentleg ikkje treng å gjere det. Eg føler rett og slett av og til at eg har behov for å gjere eller seie noko ekstra, for at folk skal like meg betre.

Høyr Kathrine Sørland svare på spørsmålet frå Siv Jensen her:
Kathrine i spoersmaalstafetten

Rotete veske

Medan Kathrine var på besøk, fekk vi lov til å rote i veska hennar, i eit forsøk på å bli betre kjend med bryllaupseksperten, programleiaren og den tidlegare frøken Norge.

Sjå video:

– Rett frå hjartet

På sjølvaste valentinsdagen kunne vi ikkje unngå å prate om følelsar og kjærleik med ei dame som trass alt jobbar med kjærleik til dagleg, gjennom det nye fjernsynsprogrammet om bryllaup og som innehaver av eigen brudesallong.

Lyttar Lars lurte på kva han skulle skrive i ei valentinmelding til ei dame han er på dealeren med.

– Åh, så romantisk. Eg likar deg Lars, svarte Sørland.

– Eg tykkjer ein skal omfavne klisjèen. Snakk rett frå hjartet, ikkje gå rundt grauten. Om du er på dealeren, berre sei ting rett fram. Om ein er ein gentleman, og har ei god haldning til kjærleiken generelt, så kjem ein langt i livet.

Høyr Kathrine prate om kjærleik, lavterskelbryllaup og typiske bryllaupsfeller folk går i her:

Kathrine Soerland om bryllaup

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/har-blitt-stempla-som-dum/feed/ 9