team me – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Team Me spelte live https://p3.no/p3morgen-arkiv/team-me-spelte-live/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/team-me-spelte-live/#comments Mon, 10 Oct 2011 13:13:38 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8175

Seksmannsbandet Team Me kom rett frå Englandsturnè med The Wombats, til P3morgen sitt studio i dag tidleg. På fredag slepp dei debutalbumet sitt, og i dagens sending framførte dei singelen “With my hands…”
Høyr låta her!

Team Me live i P3morgen

Mac and meat

Singelen “With my hands covering both of my eyes, I am too scared to have a look at you now” har ekstremt lang tittelt. Internt i bandet kallar dei den berre “With my hands…”

– Eigentleg hadde den arbeidstittel “Mac and meat”, kunne vokalist Marius fortelje.

– Det var fordi eg prøvde å spele inn ein demo av den på ein gammal mac. Men den var overoppheta, så den skrudde seg av heile tida. Løysinga var å hente mykje frossent kjøt og fisk frå frysen for så å legge dette under. Då fekk eg akkurat spelt inn og lagra før maskina slo seg av.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/team-me-spelte-live/feed/ 1