steinkast – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Kor langt er eit steinkast? https://p3.no/p3morgen-arkiv/kor-langt-er-eit-steinkast/ Thu, 05 Jul 2012 11:29:29 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10536

Silje har lenge undra seg over kor langt eit “steinkast” er. Når nokon til dømes seier: “Stranda ligg eit steinkast unna hotellet” – kva distanse er innanfor?

Dette kjente utsegnet er gamalt og er brukt både i Bibelen og i norrøn tid. Det baserer seg på kor langt ein voksen mann klarar å kaste. Og gjennomsnittet landar på 60 meter, kunne ein artikkel i vg.no opplyse Silje om.

Silje er korkje voksen mann eller verdsmeister i å kaste ting (verdsrekorden i å kaste ein cricketball ligg på 128, 6 meter), men tok altså med seg eit egg (ettersom ho ikkje hadde stein) ut på terrassen og kasta det så langt ho kunne.

Egget knuste på 17,5 meter.

]]>