Sofia Helin – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Ville aldri sett på “Broen” privat https://p3.no/p3morgen-arkiv/ville-aldri-sett-pa-broen-privat/ Mon, 07 Oct 2013 07:00:14 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=16479 Sofia Helin i P3morgen. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Sofia Helin i P3morgen. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Sofia Helin som spelar Saga Noren i “Broen” seier til P3morgen at ho aldri ville sett på tv-serien viss ikkje ho spelte i den. Det blir rett og slett for skummelt.

Det senka seg ei tilnærma royal stemning over P3morgen då Sofia Helin, eller Saga, kom på besøk. Ho er super Norgesaktuell med sesong 2 av “Broen” og som eventyraren Elisabeth i filmen “Gåten Ragnarok”. I tillegg skal ho i slutten av oktober vere programleiar for Nordisk Råds Pris saman med NRK-programleiar Hans Olav Brenner.

Ferdig med brune skinnbukser

Sofia syns det er kjempestas at “Broen” går så bra og at folk er så glade i Saga, sjølv om det ikkje alltid har vert like lett å leve som henne:

– Vi brukar heilt ulike delar av hjernen, fortel Sofia. Saga er logisk, medan min logiske del ligg i dvale, seier ho. Live lurer også på om Sofia er ferdig med skinnbukser? – Berre brune skinnbukser, men svarte skinnbukser kan eg gå i, ler Sofia.

“Broen” er jo ein dansk-svensk suksess og vi nordmenn er jo litt skuffa over at vi ikkje får vere med. Men då kan Sofia Helin fortelje at ho hadde ein norsk lydmann. Også er  Jakob Oftebro godt igang i rolla som Mad Mats.

Høyr Sofia fortelje om “Broen”:

Elskar “Girls”

I P3morgen stiller gjestane spørsmål til kvarandre og på sprøsmål frå Broen-fan og TV2-programleiar Guri Solberg om kva tv-serie Sofia kosar seg med, kom svaret kontant: “Girls”. 

Sofia innrømmer også “Broen” blir for skummel og at ho berre ser på serien i jobbsamanheng. Ho blei også frykteleg sint på manusforfattarane som drepte August i første sesong av “Broen”.

Sofia Helin i spørsmålrulett:

Vanleg familieliv

Når Sofia ikkje er på jobb lev ho eit ganske så normal familieliv saman med mann og to barn. Ho innrømmer at fruksot er viktig og at humøret fort blir dårleg viss ho utset frukost for lenge. Skal ho kose seg litt ekstra blir det pannekaker (svenske, ikkje amerikanske) eller croissant. Så drikk ho te.

Sofia om ein typisk morgon:

“Gåten Ragnarok” er ein norsk eventyrfilm med storslagne scener. Det blei nesten i overkant storslagent, for Sofia var nær ved å trekkje seg etter ei treningsøkt i klatreveggen. Ho lir nemleg av ekstrem høgdeskrekk. Heldigvis enda det med at ho gjennomførte alle stunts sjølv.

Sofia fotel om “Gåten Ragnarok”:

Sjå “Broen 2” kvar mandag kl 21:30 på NRK1

P3morgen og Sofia Helin. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

P3morgen og Sofia Helin. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

 

]]>