ronny i 100 – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Opplegg med Yngvar https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/#comments Wed, 31 Aug 2011 05:12:58 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7735

Puls-Yngvar har skikkeleg trua på at eg skal klare hundre i benken før jul! Tenk det!
I går laga han opplegg, og viste meg korleis eg skal nå målet mitt. Her følgjer grundig rapport, og eit par generelle treningstips frå Yngvar Andersen.

Vi møttest i NRK Bedriftidrettslaget sitt treningsrom. Yngvar ville sjå korleis benkpresstalentet mitt var, og så ville han foreslå ei rekkje øvelsar.

I treningsopplegget Yngvar har foreslått til meg, har han lagt vekt på at det er lett å gjennomføre, tek kort tid og at der er fokus på å trene heile overkroppen. Beina tek vi seinare, når eg har blitt gira på trening.

For eg har jo ikkje trent på sju år.

LES ÒG: Fyrste treningsøkt + outfit

Opplegget

Yngvar fortalde ein fin hugseregel som eg planlegg å trene etter. Ein skal halde på til ein ikkje klarar meir. Klarar du under 6 repitisjonar løftar du for hardt. Ein bør klare 8, 10 er bra. Og klarar ein meir enn 13 bør ein gå tyngre til verks.

Her er dei 5 øvelsane Yngvar føreslår at eg gjer kvar gong. Ein halvtime effektiv trening, tre gonger i veka:

Benkpress:
Vi startar på 42,5 kg x 10
Høyr Yngvar sine benkpresstips:
Yngvar sine benkpresstips

Nedtrekk:
45 kg x 10
Her trekk eg til meg ei sånn der stang. Roleg og fint. Det skal visst vere bra for ryggen.

Militærpress:
20 kg x 10
Her skal ein stå godt planta på bakken, rett i ryggen. Og så skal ein løfte stanga frå brystkassa, rett opp, over hodet.

Bicepscurl:
27,5 kg x 10.
Gode gamle bicepsgreia. Sånn som på film. Yngvar meiner ein skal nytta stang i staden for sånne manualar, fordi der er mindre moglegheitar for å jukse ubevisst.
Høyr Yngvar om forskjellen på stang og manualar, pluss eit par tips:
Yngvar sine bicepstips

Glidende planke:
Denne er tricky. Sjå for deg at du skal til å ta armhevingar. Men i staden så skal du, med kroppen strak som ein planke, bevege deg framover på hendene. Så langt du kjem. Heilt til du ikkje har krefter att. Shit, det er vanskeleg.
I klippet under kan du høyre at eg prøvar, medan Yngvar instruerar:
Yngvar planketips

100 i benken?

Det store spørsmålet er sjølvsagt: Klarar eg å jobbe meg mot 100 i benken. Etter å ha sett an formen min i går, kom Puls-Yngvar med følgjande konklusjon:
Yngvar konkluderar

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/feed/ 6
Fyrste økt + outfit https://p3.no/p3morgen-arkiv/fyrste-%c3%b8kt-outfit/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/fyrste-%c3%b8kt-outfit/#comments Wed, 24 Aug 2011 05:59:46 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7670

Hei bloggen!
Ein gong på tidleg 2000-tal var eg skikkeleg nære å ta 100 kg i benkpress. Så vart eg sjuk, og med forkjølelsen rauk treningslysta. Den har aldri komt tilbake. Før no!
Yngve har bete seg merke i at eg av og til, når høvet byr seg, pratar om desse nesten hundre kiloane i sosialt lag. Han har utfordra meg til å, i løpet av hausten, og med hundretusenvis av lyttarar som vitne, nå 100 kg.

I går hadde eg fyrste treningsøkt. Eg har byrja innsjå at dette ikkje kjem til å gå av seg sjølv. Difor har eg no meldt meg inn i bedriftsidrettslaget, og har vore på NRK sitt trimrom saman med Yngve.

Outfit

Alle bloggarar med respekt for seg sjølv bloggar antrekk. Eller outfit då. Det er engelsk og kulare. Eg måtte skikkeleg langt inn i skapet for å finne treningskleda mine.

Vi startar nederst:

Desse friske skoa frå produsenten Adidas er truleg 10 år gamle. Minst. Eg trur eg investerte i dei som eit par nye, frekke og hotte shoes til gymmen i åttande klasse på ungdomsskulen. Sidan har eg bedrive sopass lite trening at skoa framleis held. Dei har berre akkurat blitt trent nok i til at dei ser slitte og stygge ut.


Treningsshortsen eg har på, er nok i alle fall like gamal som skoa. Eg har i alle fall vage minner av å ha nytta denne òg på ungdomsskulen. Er den ikkje fin? Passe lang, passe grå/blå/lilla/whatever. Og så dei digge, grøne stripene som majestetisk pregar sidene.


Eg valde kvit t-skjorte denne tysdagen. Den er av typen merchandise, og promoterer det frekke men sjarmerande musikkprogrammet “Lt Wee Show” på vår nabokanal NRK mP3. Wolfgang, som er sjølvaste Lt Wee, kunne fortelje då eg fekk ei skjorte i gåve at det på baksida der betyr “I love house music”. Han vart skikkeleg stolt då han såg at eg gjekk med den på jobb i dag. Då turde eg ikkje fortelje at eg hadde den på fordi eg tenkte å bruke den som treningsskjorte. Eg kjem heller ikkje til å fortelje at vi var minst to som hadde denne på i NRK sitt treningsrom i dag.

Yngve valgte òg kvit merchandiseorientert skjorte. Han gjekk for denne:

Men korleis gjekk fyrste økt?

Å setje føtene i eit treningslokale igjen føltest eigentleg litt godt. Eg var klar for å gjera ein innsats, og sa i ein cocky “jøss, eg har treningsklede på”-rus til Yngve at eg skulle klare 70.

Høyr korleis det gjekk, då vel:
ronny_benkpress

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/fyrste-%c3%b8kt-outfit/feed/ 14