puppevits – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Dottera kuppa Kloppen med puppevits https://p3.no/p3morgen-arkiv/dottera-kuppa-kloppen-med-puppevits/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/dottera-kuppa-kloppen-med-puppevits/#comments Tue, 01 Oct 2013 10:37:51 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=16464 Solveig Kloppen feirar P3 20 år. Foto: Silje Therese Reiten Nordnes/NRK

Solveig Kloppen feirar P3 20 år. Foto: Silje Therese Reiten Nordnes/NRK

P3 fyller 20 år denne veka og P3morgen markerer festen med å invitere gamle P3stemmer på besøk. Solveig Kloppen hadde med seg barna Albert og Klara (4) då ho gjesta oss. Og det var under dette intervjuet at dottera, på sjarmerande vis, avbraut med ein puppevits.

Det var på spørsmål frå Are og Odin at dottera til Solveig, Klara 4 år, såg seg nøydd til å avbryte praten med ein puppevits. I spørsmålstafetten lurte nemleg Are og Odin på kor fornøgd Solveig er med eigen kropp i dagens kroppsfikserte samfunn. Vitsen er ein klassikar og Live, Ronny og Silje hugsar vitsen frå då dei var små.

Her kan du høyre Klara (4) fortelje vitsen:Klara (4) fortel puppevits

Høyr gjerne heile intervjuet med Solveig Kloppen om att her.

Håpar vinnaren brukar kroppen på ein heilt ny måte

Solveig Kloppen blir snart å sjå på TV i ein ny runde “Norske Talenter”. Jakta på årets talent er allereie godt igang og på spørsmål om kva ho håpar årets vinnar kan skilte med svarar Kloppen at det hadde vore kjekt å sjå nokon bruke kroppen på ein måte ho aldri har sett før.  Det er også kome til nye dommarar i årets program: Lisa Tønne, Bjarte Hjelmeland og Omer Bahtti stiller med ferske auge, trygt ledsaga av Mia Gundersen som har vore med før.

Her kan du lese, sjå og høyre alt om 20 årsjubilanten P3!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/dottera-kuppa-kloppen-med-puppevits/feed/ 2