puls – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Yngvars pizzatest! https://p3.no/p3morgen-arkiv/yngvars-pizzatest/ Wed, 18 Jan 2012 06:40:34 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=9257 Yngvar Andersen testar frossenpizza. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Yngvar Andersen testar frossenpizza. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Treningsguru Yngvar Andersen har blitt sjølve symbolet på sunnheit. Han ét sunt og lagar ofte mat frå botn. Det er med andre ord ikkje ofte han set til livs den norske nasjonalretten frossenpizza. 

Elskar pizza!

No skal det vere sagt at Yngvar elskar pizza, men den lagar han sjølv. Faktisk må vi tilbake til 90-talet sist Yngvar var i nærleiken av å ete frossenpizza. 

Les: To buksestorleikar ned

Difor syns vi det var på sin plass at Yngvar fekk teste om det har vore ei utvikling på frossenpizzafronten sidan sist. Her er dei ulike pizzavariantane han måtte smake på:

Grandiosa klassisk
Originale pepperoni
Wagner Sensatione pepperoni
Big One bacon

Høyr pizzatesten her:
Yngvar pizza denne 

No er det viktig å få med at Yngar ikkje testar kva pizza som er sunnast, han testar berre kva pizza som smakar best. Og som du ser på bilete så var det iallefall to stykker som fall i smak hos han Yngvar:

Det var iallefall to pizzastykker som fall i smak hos Yngvar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Det var iallefall to pizzastykker som fall i smak hos Yngvar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

]]>
Opplegg med Yngvar https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/#comments Wed, 31 Aug 2011 05:12:58 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7735

Puls-Yngvar har skikkeleg trua på at eg skal klare hundre i benken før jul! Tenk det!
I går laga han opplegg, og viste meg korleis eg skal nå målet mitt. Her følgjer grundig rapport, og eit par generelle treningstips frå Yngvar Andersen.

Vi møttest i NRK Bedriftidrettslaget sitt treningsrom. Yngvar ville sjå korleis benkpresstalentet mitt var, og så ville han foreslå ei rekkje øvelsar.

I treningsopplegget Yngvar har foreslått til meg, har han lagt vekt på at det er lett å gjennomføre, tek kort tid og at der er fokus på å trene heile overkroppen. Beina tek vi seinare, når eg har blitt gira på trening.

For eg har jo ikkje trent på sju år.

LES ÒG: Fyrste treningsøkt + outfit

Opplegget

Yngvar fortalde ein fin hugseregel som eg planlegg å trene etter. Ein skal halde på til ein ikkje klarar meir. Klarar du under 6 repitisjonar løftar du for hardt. Ein bør klare 8, 10 er bra. Og klarar ein meir enn 13 bør ein gå tyngre til verks.

Her er dei 5 øvelsane Yngvar føreslår at eg gjer kvar gong. Ein halvtime effektiv trening, tre gonger i veka:

Benkpress:
Vi startar på 42,5 kg x 10
Høyr Yngvar sine benkpresstips:
Yngvar sine benkpresstips

Nedtrekk:
45 kg x 10
Her trekk eg til meg ei sånn der stang. Roleg og fint. Det skal visst vere bra for ryggen.

Militærpress:
20 kg x 10
Her skal ein stå godt planta på bakken, rett i ryggen. Og så skal ein løfte stanga frå brystkassa, rett opp, over hodet.

Bicepscurl:
27,5 kg x 10.
Gode gamle bicepsgreia. Sånn som på film. Yngvar meiner ein skal nytta stang i staden for sånne manualar, fordi der er mindre moglegheitar for å jukse ubevisst.
Høyr Yngvar om forskjellen på stang og manualar, pluss eit par tips:
Yngvar sine bicepstips

Glidende planke:
Denne er tricky. Sjå for deg at du skal til å ta armhevingar. Men i staden så skal du, med kroppen strak som ein planke, bevege deg framover på hendene. Så langt du kjem. Heilt til du ikkje har krefter att. Shit, det er vanskeleg.
I klippet under kan du høyre at eg prøvar, medan Yngvar instruerar:
Yngvar planketips

100 i benken?

Det store spørsmålet er sjølvsagt: Klarar eg å jobbe meg mot 100 i benken. Etter å ha sett an formen min i går, kom Puls-Yngvar med følgjande konklusjon:
Yngvar konkluderar

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/feed/ 6