podcast – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Podkasten er tilbake https://p3.no/p3morgen-arkiv/podkasten-er-tilbake/ Wed, 06 Oct 2010 13:57:49 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=4064 Yngve er glad

Her har vore krisestemning siste dagane. Podkasttenesta til NRK har vore nede. Kaos!
No er den tilbake på nett då, og P3morgen kan freiste med rykande ferske podkasts frå dei 3 siste dagane.

Podkasten finn du i iTunes, på p3.no/podkast og som RSS-feed.

Kva har skjedd?

På mandag var sinnasnekker Otto på besøk. Han tok med ting han ville anbefale til det norske folk. Thea tafsa ukjende folk på rumpa på gata, og så prata ho med dei etterpå.
P3morgen 04.10.10

Tysdag fekk vi sjølvaste Odd Nordstoga på vitjing. Han spelte og song littegrann for oss, og så viste han fram dei tre flottaste tinga han eig. Yngve svarar på spørsmål om hemoridar. Vi ringjer bygda Haddal, som har fått sin eigen verdsmeister.
P3morgen 05.10.10

I dag var Bye og Rønning hos oss. Fjas, fanteri og påstandar om seg sjølv var i fokus. Vi avgjorde kva bil som er best av Hiace og Transporter, og eg kunne meddele spennande ting frå livet mitt i bonussporet på podkasten.
P3morgen 06.10.10

Ronny er lukkeleg

]]>