Pål Anders Ullevålseter – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Dette tenker Ailo på i lufta! https://p3.no/p3morgen-arkiv/dette-tenker-ailo-pa-i-lufta/ Wed, 01 Jun 2011 08:59:24 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6766 Ailo Gaup i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase (NRK).

Ailo Gaup i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase (NRK).

– Ein rekk å tenke ganske mykje, seier Ailo Gaup på spørsmål frå ein lyttar om kva han tenker på når han svevar høgt over bakken med motorsykkelen sin.

Og det er ikkje berre tekniske ting som går gjennom hovudet på mannen som har funne opp sitt heilt eige triks i motorcross.

Sex i grøftekanten

– Det var ein gang eg såg for meg Pål Anders Ullevålseter og ei anna veldig sminka dame i grøftekanten, fortel Ailo. Dei kopulerte (hadde sex) og når ein får slike tankar må ein berre stoppe for det kan vere veldig forstyrrande, ler Ailo.

Høyr Ailo fortelje her: Ailo om rare tankar

Skadar

Motorcrossakrobaten har hatt mange skadar i karriera si, mellom anna knuste tenner, skuldre ut av ledd, revna begge festene til kragebeinet, pungtert lunge og nyre og brekt over tretti bein i kroppen! Alio har no lagt opp motorcrosskarriera på grunn av skadene og satsar på eige klesmerke. Han har også rekt å sjarmere heile den norske befolkning i vårens Mesternes Mester på NRK 1 – der han kom på ein 3. plass.

Nakenbad med Yngve

For å kome under huda på Ailo tok Yngve han med seg ut i tjernet for eit nakenbadintervju. Det kan du høyre her:
Nakenbad med Ailo

Ailo Gaup er oppfinnar av trikset Underflip. Dette er framleis eit av dei hardaste triksa i FMX og har funne vegen til diverse TV-spel. Her kan du sjå oppfinnaren, Ailo Gaup, utføre trikset:

]]>