outfit – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Fyrste økt + outfit https://p3.no/p3morgen-arkiv/fyrste-%c3%b8kt-outfit/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/fyrste-%c3%b8kt-outfit/#comments Wed, 24 Aug 2011 05:59:46 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7670

Hei bloggen!
Ein gong på tidleg 2000-tal var eg skikkeleg nære å ta 100 kg i benkpress. Så vart eg sjuk, og med forkjølelsen rauk treningslysta. Den har aldri komt tilbake. Før no!
Yngve har bete seg merke i at eg av og til, når høvet byr seg, pratar om desse nesten hundre kiloane i sosialt lag. Han har utfordra meg til å, i løpet av hausten, og med hundretusenvis av lyttarar som vitne, nå 100 kg.

I går hadde eg fyrste treningsøkt. Eg har byrja innsjå at dette ikkje kjem til å gå av seg sjølv. Difor har eg no meldt meg inn i bedriftsidrettslaget, og har vore på NRK sitt trimrom saman med Yngve.

Outfit

Alle bloggarar med respekt for seg sjølv bloggar antrekk. Eller outfit då. Det er engelsk og kulare. Eg måtte skikkeleg langt inn i skapet for å finne treningskleda mine.

Vi startar nederst:

Desse friske skoa frå produsenten Adidas er truleg 10 år gamle. Minst. Eg trur eg investerte i dei som eit par nye, frekke og hotte shoes til gymmen i åttande klasse på ungdomsskulen. Sidan har eg bedrive sopass lite trening at skoa framleis held. Dei har berre akkurat blitt trent nok i til at dei ser slitte og stygge ut.


Treningsshortsen eg har på, er nok i alle fall like gamal som skoa. Eg har i alle fall vage minner av å ha nytta denne òg på ungdomsskulen. Er den ikkje fin? Passe lang, passe grå/blå/lilla/whatever. Og så dei digge, grøne stripene som majestetisk pregar sidene.


Eg valde kvit t-skjorte denne tysdagen. Den er av typen merchandise, og promoterer det frekke men sjarmerande musikkprogrammet “Lt Wee Show” på vår nabokanal NRK mP3. Wolfgang, som er sjølvaste Lt Wee, kunne fortelje då eg fekk ei skjorte i gåve at det på baksida der betyr “I love house music”. Han vart skikkeleg stolt då han såg at eg gjekk med den på jobb i dag. Då turde eg ikkje fortelje at eg hadde den på fordi eg tenkte å bruke den som treningsskjorte. Eg kjem heller ikkje til å fortelje at vi var minst to som hadde denne på i NRK sitt treningsrom i dag.

Yngve valgte òg kvit merchandiseorientert skjorte. Han gjekk for denne:

Men korleis gjekk fyrste økt?

Å setje føtene i eit treningslokale igjen føltest eigentleg litt godt. Eg var klar for å gjera ein innsats, og sa i ein cocky “jøss, eg har treningsklede på”-rus til Yngve at eg skulle klare 70.

Høyr korleis det gjekk, då vel:
ronny_benkpress

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/fyrste-%c3%b8kt-outfit/feed/ 14
Dagens outfit https://p3.no/p3morgen-arkiv/dagens-outfit/ Wed, 01 Jun 2011 04:52:08 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6751

Alle bloggarar pleier å vise fram dagens outfit. Det ville vi òg, på denne fyrste, ekte sommardagen. På biletet over viser vi kva vi har kledd oss i. Og så oppfordrar vi deg som lyttar til å sende inn eit dagens outfit-bilete av deg sjølv. p3morgen@nrk.no eller P3 til 1987.

Koz+KLEMZ!

Bilete frå deg, deilige lyttar:
Dagens outfit frå ein av gutta på saga
ha en fin dag folkens. Hilsen gutten på saga:-P

Hei! Har vært på jobb i en time allerede. Ha en fin dag! Hilsen RunePune
Hei! Har vært på jobb i en time allerede. Ha en fin dag! Hilsen RunePune

Tom Andre

jobbeklær som vanlig! – Tom Andrè


Dagens outfit!


Har foreløpig bare accsesories i form av tannbørste, ha en fisefin dag! 😀 mvh Berg

morgen!

]]>