mimring – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Vi mimrar – på video! https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-mimrar-pa-video/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-mimrar-pa-video/#comments Wed, 21 Mar 2012 10:26:22 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=9842 Denne veka mimrar vi i radioen fordi Live skal bli mamma og difor forsvinn ut av radioen for å oppdra avkom.
Mykje av det du høyrer på radio denne veka finst på video òg. Og så er der ting vi berre har på video. Difor: Her er ein mimrebloggpost stappa full av gøyale P3morgenvideos. Kos deg!


bursdagen til Live, 10. desember, kom Thom Hell på overraskelsesbesøk. Live elskar Thom, sånn reint musikalsk, og då spesielt låta Darling. Sjå Thom overraske Live her:

Vi ga Yngve ein ridetime i bursdagsgåve ein gong. Og så fann nokon ut at alle kunne bli med, og at det hadde vore kult med passande kostymer. Dette er ein video frå P3morgen sin ridetime:

Her er eit fjasete fredagsklipp der Live hikkar og Yngve har spiseforstyrrelsar:

Marion Ravn arrangerte X-factoraudition for oss i P3morgen. Det gjekk sånn akkurat passe. Sjå det på video her:

Her syng Didrik Solli-Tangen og Live duett. Eller… Live rappar.

I fjor arrangerte Yngve julequiz i P3morgen. Taparen måtte setje opp eit lite juleshow då vi hadde sesongavslutning direkte frå Store Studio. Her kan du sjå Live framføra eit noko skittent minishow:

Og her syng Live “When you wish upon a star” saman med Thom Hell på julefrukosten vår:

Live har tapt førjulsquiz før, ho! I 2010, under P3 JuleSessions, måtte ho som straff for å tape, framføre O’ Helga Natt. Åleine, framføre over 1000 publikummarar på Sentrum Scene. Sjå det her:

Visste du at Live er skikkeleg dårleg på teikning? Sjå her:

I fjor haust gjorde Live braksuksess med serien “Dama til”, der ho sjekka korleis det er å vera kjærasten til norske kjendismenn. Yngve lanserte motspalta “Typen til”, der han sjekka kjærastepotensialet til Live. Her testar vi kriteriet “hun må se bra ut når hun løper”, som ein lyttar sendte inn:

Har du stemt på Live som årets tv-navn, forresten?

Eit anna kriterie var at ho må vera god på å lage mat:

Enno meir matlaging med sexy bevegelsar:

Her lærer Live yoga av Ravi:

Då Henning Solberg var på besøk utfordra Live han til SignStar-duell. Sjå her:

Plutseleg ein dag var der eit piano i studio. Live prøvde å briljera:

Meir sang! Her prøvar Live å imitere Shakira!

Enno meir song! Denne gongen frå redaksjonslokalet, og frå Romeo & Juliet:

Og dette må jo opplevast igjen og igjen. Susanne Sundfør overraskar Live med favorittlåta hennar på siste sending før permisjon:

Har du forresten sett topplausbiletet av Live?

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-mimrar-pa-video/feed/ 2
P3morgen mimrar https://p3.no/p3morgen-arkiv/p3morgen-mimrar/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/p3morgen-mimrar/#comments Thu, 07 Oct 2010 04:59:28 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=4049 Grå regnvêrsdag på kontoret, og P3morgen mimrar tilbake til 90-talet, og all den flotte musikken som var så feit der og då, men som berre forsvann, og som i dag kun kan oppnå ei mimreeffekt.

East 17, for eksempel. Store på midten av 90-talet. Så sa han eine at du blir eit betre menneske av å nytta Ecstasy. Derifrå gjekk det berre nedover. Men Stay another day var awesome, då.


Hanaumi er norsk, og slapp både singel og album i 1996. Eigentleg heiter ho Hanne Qvigstad, men ho har omtrent ikkje lagt att eit einaste spor etter seg på internett. Einaste Hanne Qvigstad som er å oppdrive vart fødd i 1943, og tente 281 000 i 2008. Ho har fanclub på Facebook, då. 24 medlemmer nett no.

Cecilia Vennersten sette rekord då ho tok Norge med storm i 1995. Dama frå aust låg driiiitlenge på Topp 20-lista. 28 veker, faktisk. Det var uvanleg på den tida. Det førte òg til at ho alltid var med i det populære radioprogrammet “Kjærlighet uten grenser” på P4, der Siv Stubsveen formidla helsingar til folk som elska kvarandre i nattemørket.

Jamie Walters, gitt. Yngve ønska seg denne i det sjukt gamle P3-programmet Albin (høyr klipp litt nedover på sida her). Yngve tenkte sikkert at han kunne få kline skikkeleg, skikkeleg mykje om kjærasten fekk favorittlåta på radioen. Ane heitte ho. Eller Lene. Yngve er usikker. Han var ei skikkeleg skjeten tøs på den tida.
Men Walters, ja. Han var jo med i Beverly Hills 90210. No er han med i eit rart tv-konsept saman med andre falne stjerner.

Rednex herja midten av nittitalet. Underteikna lurer på om albumet “Sex & Violins” frå 1995 er ei av fyrste cd-platene eg kjøpte. Ingenting fekk Førde-crowden til å bounce som Rednex i 1995. Sikkert ikkje i 1996 heller.
Det herlege med Rednex er at dei stadig slepp nytt materiale, og turnèrar hardt i norske afterski-miljø den dag i dag.

Noko av det sterkaste 90-talet klarte å produsere, spør du meg. Ace of Base. Denne videoen dukka opp på Go’ Elg på NRK fjernsynet ein fredag ettermiddag. Eg tenkte at videoen var kjempefin, at låta var nydeleg. I ettertid forstår eg kanskje ikkje heilt kva eg tenkte på, men det kitlar framleis litt i kroppen når eg høyrer på den. Ace of Base held framleis på. Ståpåvilje in da house!

http://www.youtube.com/watch?v=SiYurfwzyuY

Veslebroren til Nick Carter frå Backstreet Boys. Ga ut eitt album. Eg har albumet. Kvifor i alle verdens dagar har eg det?

Eiffel 65 slapp Blue seint, seint på 90-talet. Eg hadde byrja på ungdomsskulen, og skulle prøve meg som DJ på lokale ungdomsklubben, Løa. Eg spelte denne og eit par til, og det gjekk fint. Så sette eg på:

Chumbawumba med Tubthumping. Då vart eg bua ut av dansegolvet av alle dei skumle 10. klassingane, medan dei ropte “SPEL ROXETTE! SPEL ROXETTE!”. Eg har aldri prøvd meg som DJ sidan.

Vi har nok gløymd ein heil del videos her. Kom med dine mimrefavorittar i kommentarfeltet, då vel!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/p3morgen-mimrar/feed/ 21