marit larsen – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Marit Larsen sin superkakao https://p3.no/p3morgen-arkiv/marit-larsen-sin-superkakao/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/marit-larsen-sin-superkakao/#comments Wed, 19 Oct 2011 05:45:14 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8309
Marit Larsen er sjokoladeavhengig. Ho påstår det i alle fall sjølv. Då ho vitja P3morgen hadde ho både med eit lass sjokolade, og ei oppskrift på sjukt god kakao.

– Eg fekk vener og familie på besøk, då eg budde i New York for å skrive den nye plata mi. Dei hadde med seks store plater med norsk sjokolade, som dei tenkte eg kunne kose meg med fram til jul. Dei var vekke etter to veker, kunne Marit fortelje.
– Der er så mykje glede i god sjokolade.

Høyr Marit Larsen prate om sitt forhold til sjokolade og kakao her:
Marit Larsen om sjokolade

Haust = kakao

Marit elskar å lage kakao, og meiner hausten er perfekt tid for det.

– Eg lagar ein skikkeleg slem kakao, av store blokker med sjokolade. Hemlegheita er å blande lys og mørk sjokolade.

– Eg hakkar sjokoladen i små bitar, og heller den i kokande vatn. Deretter tilset eg litt chili og litt brunt sukker. Når dette blir ei røre, som luktar heilt fantastisk, tilset eg heilmelk. Og det må vere heilmelk!

Oppskrifta

Marit nyttar seg av svære sjokoladebarar. Henholdsvis 40% og 70% kakao.

1/2 av 70%-baren
1/4 av 40%-baren

Dette smeltast i kokande vatn, ca 2 dl.
Tilset litt brunt sukker og litt chili.
(Om du tåler litt styrke, bruk ca 1/2 ts chili, seier Marit)

Spe på med H-melk (ca 7,5 dl)

– Om du ikkje vil ha snerk i kakaoen, pass på å ta den rett før det kokar.

Vi testa oppskrifta

Vi i P3morgen måtte sjølvsagt teste Marit Larsen sin superkakao. Her følgjer ein bileteserie:


Her er alle ingrediensane samla.


Sjokolade, chili og brunt sukker i kokande vatn.


Melka hellast i!


Ferdig! Hurra! Digg var det òg!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/marit-larsen-sin-superkakao/feed/ 2