manndomsprøven – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Gladlåtane kjem aldri! https://p3.no/p3morgen-arkiv/gladlatane-kjem-aldri/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/gladlatane-kjem-aldri/#comments Wed, 19 Oct 2011 11:26:05 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8336 Maria Mena kjem aldri til å lage ei gladlåt. Foto: Maria Olivia Rivedal, NRK

Maria Mena kjem aldri til å lage ei gladlåt. Foto: Maria Olivia Rivedal, NRK

Maria Mena er klar for P3sessions i kveld kl 19 og startar dagen med varm kakao hos P3morgen.

Les: Kakaooppskrifta til Marit Larsen

Maria Mena er kjent for å skape vakre, sårbare og sterke låtar om dei vanskelege tinga i livet. Men då programleiar Live Nelvik lurte på om det ikkje snart kjem ei glad kjærleikslåt frå henne, svarar ho bestemt at dét kjem ho aldri til å lage. 

Men det er ikkje fordi Maria Mena går rundt og er trist heile tida at ho skriv melankolske tekstar. Tvert imot så har ho det veldig bra. Ho er forlova, ute med ny plate (Viktoria) og skal spele P3sessions med Jonas Alaska i kveld. Men Maria fortel at det berre poppar opp klisjéar når ho prøver å skrive ei hyggjeleg låt og at ho skriv best når ho har vert gjennom ein prosess og har fått nytt perspektiv på ting: 

Maria om gladlåt

Dette tørr eg ikkje gjere i Norge!

Maria Mena er, akkurat som Marit Larsen, stor i Tyskland. Og hos oss innrømmer ho at dei to tidlegare har snakka om at det er visse ting dei kan gjere i Tyskland som dei ikkje gjer i Norge. Som å vere med på X-factor og synge duett med deltakarane der.

Her fortel Maria om kva som skjedde sist ho var i Tyskland: Maria Mena om tyskland

Manndomsprøven

Som tidlegare nemnt skriv Maria Mena sårebare og litt skjøre tekstar. Men vi ville finne fram til den røffe og tøffe Maria og utfordra henne til den store manndomsprøven. Ho stod med glans – du må berre høyre henne spytte i glaset og rappe til Kanye West:

Maria Mena manndomsprøven

 Høyr P3sessions direkte i kveld på P3 kl 19

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/gladlatane-kjem-aldri/feed/ 1