malene drivenes – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Skulle gjerne hatt meir temperament https://p3.no/p3morgen-arkiv/skulle-gjerne-hatt-meir-temperament/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/skulle-gjerne-hatt-meir-temperament/#comments Tue, 28 Jun 2011 09:09:18 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7125 Ragnhild Sælthun Fjørtoft saman med programleiarar Stian og Malene. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Ragnhild Sælthun Fjørtoft saman med programleiarar Stian og Malene. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Ragnhild Sælthun Fjørtoft har jobba i NRK i over 40 år som kanalvert – og både Stian og Malene blei litt starstruck då ho kom på besøk til P3morgen i dag.

Fleire av oss hugsar Ragnhild frå Barne-tv og gleda var stor då ho på strak arm introduserte Titten Tei til ære for P3morgenlyttarane.

Ragnhild intro titten tei

– Eg blir sjeldan sint

Fleire av oss får litt ekstra ro i sjela når vi høyrer Ragnhild si kjente stemme og Stian lurer på om ho har like behageleg stemme når ho er sint. Men Ragnhild kan avsløre at det veit ho ikkje, ettersom ho sjeldan blir sint.

– Eg har ikkje behov for noko utblåsing, eg er vel ein litt sedat type som tek livet med ro, smiler Ragnhild.

Sjølv skulle ho gjerne ønske seg litt meir temperament, ettersom ho trur det er bra med ei utblåsing i ny og ne.

Ragnhild sjeldan sint denne

Men Ragnhild var også på besøk hos oss for å snakke om det seks dagar lange tv-programmet Hurtigruta – Minutt for minutt, ho var med på heile turen og jobba mellom anna som reporter då seilaset gjekk direkte på tv i førre veke.  

På spørsmål frå Malene kva det var som overraska Ragnhild mest på turen svarar ho:

– At vi fekk sånn enorm respons frå alle folk langs kysten. At dei møtte opp så til dei grader i alle hamner og ikkje minst alt det rare folk fann på av kreative ting for å kome på tv, ler Ragnhild.

Her kan du mimre meir til Hurtigrua – Minutt for minutt

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/skulle-gjerne-hatt-meir-temperament/feed/ 1
Desse vekkjer deg i sommar! https://p3.no/p3morgen-arkiv/desse-vekkjer-deg-i-sommar/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/desse-vekkjer-deg-i-sommar/#comments Fri, 24 Jun 2011 14:45:12 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7090 Stian Eliassen. Foto: Nadia Frantsen

Stian Eliassen. Foto: Nadia Frantsen

Sjølv om den faste gjengen i P3morgen tek ferie, skal du bli vekt på skikkeleg vis i sommar også. Stian Eliassen og Malene Drivenes styrer P3morgen i heile sommar medan Ronny og resten av gjengen tek seg ein velfortent pust i bakken.

Sjå sommarbilder av P3morgen

Stian Eliassen

Kva er ditt beste sommarminne?
Roskilde 2007. Det regna i bøtter og spann, men mitt telt holdt tett heile vegen. Også var eg saman med bra folk – skikkeleg god stemning. Eg hugsar også at sola kom fram akkurat då Muse gjekk på scena, dette var også festivalens aller siste dag. Stikkord: Sliten – men lukkeleg.

Kva er din morgonrutine?
3 x snooze – deretter nokre minutt der eg berre sit på sengekanten for å vakne og gjere meg mentalt klar for ein ny dag. Etter det: KAFFE! Alfa omega! Gjerne så sterk at den omtrent kan etast med gaffel.

Korleis blir det å stå opp tidleg? 
Eg gler meg til sommaren med P3morgen. Å stå opp tidleg er tungt i starten, men til gjengjeld får eg jo lange, fine ettermiddagar der eg kan finne på ting i byen, parken eller på stranda. Eg har jo hatt morgonvakter tidlegare, både som P3morgenvikar og i andre radiostasjonar, så eg trur eg vil takle det fint.

Kva andre planar enn å vere programleiar i P3morgen har du for sommaren?
Eg skal nyte alt det morosame ein by som Oslo har å by på. Eg bur jo til vanleg i Trondheim, så det er mykje nytt og spennande som eg må utforske med gode venner. Ellers har eg planar om å kome meg opp til Nordmøre, der eg kjem frå, for å besøke familie og kanskje dykke litt i havgapet ved atlanterhavsvegen. Ikkje alle veit at nokre av Europas beste dykkeplassar ligg langs norskekysten!

Så skal eg på Øyafestivalen, høyre Rihanna i Bergen og Pstereo i Trondheim God sommar!

Malene Drivenes

Malene Drivenes. Foto: Mattis Folkestad

Malene Drivenes. Foto: Mattis Folkestad

Malene har du kanskje høyrt i Popsalongen tidlegare. No gjer ho seg klart til ein sommar med P3morgen!

Kva er ditt beste sommarminne?
Det må vere Robyn sin konsert under Øyafestivalen i fjor. Det fekk meg til å gløyme at det hølja ned den dagen og heile kvelden. Venninda mi kommenterte heile dagen at “dette er så alternativt” og eg gjekk ut på byen med gjørme langt opp etter låra. Dama er alfafemale!

Kva er din morgonrutine?
Eg byrjar dagen med å trykke slumre på mine ti mobilalarmar, sjekkar at eg ikkje har sendt nokre meldingar i ørska i løpet av natta og lagar kaffi.

Korleis blir det å stå opp tidleg?
Oj. Det er vel det eg syns er mest skummelt med denne jobben. Eg har ikkje akkurat rykte på meg til å vere den som er flinkast til å stå opp. Når eg klarar å sove medan brannalarmen ular i same rom, så slit eg litt. Men berre eg får litt kaffi når eg kjem på jobb, så tenkjer eg at det skal ordne seg.

Kva andre planar enn å vere programleiar i P3morgen har du for sommaren?
I sommar skal eg vere med Popsalongen til Slottsfjell, det blir morsomt. Så skal eg le av to venninder som desperat prøver å lære seg å stå på longboard og lære meg korleis eg skal kome meg rundt i Oslo utan å gå meg heilt vill. Og så skal eg på Øya.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/desse-vekkjer-deg-i-sommar/feed/ 5