Madelen Voreland Berås – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 – Skuffa over baksnakkinga https://p3.no/p3morgen-arkiv/niklas-og-madde/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/niklas-og-madde/#comments Fri, 03 Jun 2011 08:59:17 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6791

Vinnarane av Paradise Hotel, Niklas Vindel og Madelen Voreland Berås, var på besøk hos oss i dag. Madelen kunne fortelje at ho vart overraska og skuffa over all baksnakkinga i dei siste episodane.

For Madelen var det ikkje så fett å sjå andre baksnakke ho på tv.
– Eg trudde det berre skulle vere moro på slutten, men så vart det så mykje negativ snakking. Då vart eg skuffa. Der var vel kanskje mykje sjalusi mellom jentene.

Høyr Madelen og Niklas prate om sigeren og baksnakkinga her:
Madelen og Niklas om å vinne

Fekk kjærleiksbrev

Madelen har, utanom baksnakkinga på hotellet, fått mykje hyggjeleg feedback.
– Eg har til og med fått kjærleiksbrev i posten. Folk skriv så utruleg mykje fint.
Niklas har òg stort sett berre fått positive tilbakemeldingar frå folk.
– Det einaste unntaket er at der av og til har vore fulle folk på byen som har slengt litt drit.

Les òg: Språkguru Sylfest Lomheim evaluerte språket i fjorårets Paradise Hotel

Kor gode vennar er dei?

Niklas og Madelen har vunne som par på Paradise Hotel. Men kor godt kjenner dei eigentleg kvarandre etter å ha vore ilag kvar dag i fleire månader? Vi lot dei prøve seg på ei runde fleip eller fakta. Høyr korleis det gjekk her:
Niklas og Madelen om kvarandre

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/niklas-og-madde/feed/ 3