lyd – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Charlotte muntra opp mandagen https://p3.no/p3morgen-arkiv/charlotte-muntra-opp-mandagen/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/charlotte-muntra-opp-mandagen/#comments Mon, 03 Dec 2012 11:36:57 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=11794

Ingenting passa betre på ein iskald desembermandag enn litt deilig livemusikk på morgonkvisten. Charlotte Qvale vitja P3morgen og spelte låta si, The Beginning of the end, live for oss.

Charlotte har nett sluppe sin fyrste EP, og kunne røpe at det vart vill feiring då den endeleg var ute sist fredag.

Høyr framføringa her:
Charlotte Qvale – The Beginning of the end

Vil du høyre kvifor Charlotte har eit surt, innrøyka piano som ho har arva frå Petterøes tobakksfabrikk? Eller kvifor ho står opp klokka fem kvar morgon? Sjekk ut vår podkast her!

BONUS:
Sjå Charlotte sin FANTASTISKE cover av Bon Iver frå årets P3aksjon her:

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/charlotte-muntra-opp-mandagen/feed/ 1
Vassleik med P3 og P2-tabber https://p3.no/p3morgen-arkiv/vassleik-med-p3-og-p2-tabber/ Thu, 23 Aug 2012 10:12:51 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10871

I Den Store Vassleiken må Yngve og Silje fylle munnane sine med vatn, og prøve å ikkje le når eg spelar av gøyale klipp.
I dag hadde eg gravd i tabbearkivet, og funne eit par artige grovistabber frå både P3 og P2.

Høyr vassleiken her:
vassleik230812

]]>
Marit Larsen sin superkakao https://p3.no/p3morgen-arkiv/marit-larsen-sin-superkakao/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/marit-larsen-sin-superkakao/#comments Wed, 19 Oct 2011 05:45:14 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8309
Marit Larsen er sjokoladeavhengig. Ho påstår det i alle fall sjølv. Då ho vitja P3morgen hadde ho både med eit lass sjokolade, og ei oppskrift på sjukt god kakao.

– Eg fekk vener og familie på besøk, då eg budde i New York for å skrive den nye plata mi. Dei hadde med seks store plater med norsk sjokolade, som dei tenkte eg kunne kose meg med fram til jul. Dei var vekke etter to veker, kunne Marit fortelje.
– Der er så mykje glede i god sjokolade.

Høyr Marit Larsen prate om sitt forhold til sjokolade og kakao her:
Marit Larsen om sjokolade

Haust = kakao

Marit elskar å lage kakao, og meiner hausten er perfekt tid for det.

– Eg lagar ein skikkeleg slem kakao, av store blokker med sjokolade. Hemlegheita er å blande lys og mørk sjokolade.

– Eg hakkar sjokoladen i små bitar, og heller den i kokande vatn. Deretter tilset eg litt chili og litt brunt sukker. Når dette blir ei røre, som luktar heilt fantastisk, tilset eg heilmelk. Og det må vere heilmelk!

Oppskrifta

Marit nyttar seg av svære sjokoladebarar. Henholdsvis 40% og 70% kakao.

1/2 av 70%-baren
1/4 av 40%-baren

Dette smeltast i kokande vatn, ca 2 dl.
Tilset litt brunt sukker og litt chili.
(Om du tåler litt styrke, bruk ca 1/2 ts chili, seier Marit)

Spe på med H-melk (ca 7,5 dl)

– Om du ikkje vil ha snerk i kakaoen, pass på å ta den rett før det kokar.

Vi testa oppskrifta

Vi i P3morgen måtte sjølvsagt teste Marit Larsen sin superkakao. Her følgjer ein bileteserie:


Her er alle ingrediensane samla.


Sjokolade, chili og brunt sukker i kokande vatn.


Melka hellast i!


Ferdig! Hurra! Digg var det òg!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/marit-larsen-sin-superkakao/feed/ 2
Team Me spelte live https://p3.no/p3morgen-arkiv/team-me-spelte-live/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/team-me-spelte-live/#comments Mon, 10 Oct 2011 13:13:38 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8175

Seksmannsbandet Team Me kom rett frå Englandsturnè med The Wombats, til P3morgen sitt studio i dag tidleg. På fredag slepp dei debutalbumet sitt, og i dagens sending framførte dei singelen “With my hands…”
Høyr låta her!

Team Me live i P3morgen

Mac and meat

Singelen “With my hands covering both of my eyes, I am too scared to have a look at you now” har ekstremt lang tittelt. Internt i bandet kallar dei den berre “With my hands…”

– Eigentleg hadde den arbeidstittel “Mac and meat”, kunne vokalist Marius fortelje.

– Det var fordi eg prøvde å spele inn ein demo av den på ein gammal mac. Men den var overoppheta, så den skrudde seg av heile tida. Løysinga var å hente mykje frossent kjøt og fisk frå frysen for så å legge dette under. Då fekk eg akkurat spelt inn og lagra før maskina slo seg av.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/team-me-spelte-live/feed/ 1
Reiseskildring frå Bodø https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/#comments Thu, 22 Sep 2011 12:55:17 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8027

Hei bloggen!

Vi i P3morgen var med då P3 arrangerte skulefest for Løpsmark skule, rett utanfor Bodø. Eg vil i denne bloggposten skildre reisa vår gjennom video, fotos og lyd. Kall det ei finurleg reisereportasje, om du vil.

Tysdag 20.09


Frøken Nelvik hadde sjølvsagt laga seg matpakke. Brødet var sjølvsagt heimelaga. Her poserar ho med maten, direkte frå flyplassen i Bodø.


Framme på Løpsmark skule. Sola skin og stemninga står i taket. Her ser vi produsent Maria, Yngve og Silje vise kor kjekt dei har det på tur!


Etter å ha sjekka alt teknisk åt vi ein betre middag på ein av Bodø sine thairestaurantar. Denne var vi òg på sist vi besøkte byen. Du kan trygt seie at det har blitt vår stamplass i Bodø. Sjå kor lukkelege og mette heile gjengen er. Live og Silje hadde til og med shoppa seg kvart sitt par sko, og var frå seg av begeistring!

Som om ikkje det var nok, oppdaga Yngve denne Odd-Karsten Tveit-dukka i eitt butikkvindu:

Då skal du vete at det klikka for Yngve! Han ropte av glede, og måtte straks twitre om dukka.


Etter middag cruisa vi gjennom vakkert landskap, mot Saltstraumen. Alle hotella i Bodø var reservert av Norsk Sjukepleiarforbund, som hadde konferanse i byen denne dagen. Hotell Saltstraumen hadde derimot rikeleg med plass, og vi fekk ei unnskulding for å oppleve ein verdskjend attraksjon på skikkeleg nært hald!

Onsdag 21.09

Dagen var komen. SkuleSessions skulle gjennomførast, og vi starta dagen rett ved underverket Saltstraumen klokka 05:00. Eg var sjølvsagt sistemann ut av hotellrommet. Fordi eg er treg.

Vel framme på Løpsmark skule sendte vi direkte frå lærarrommet. Vi fekk mellom anna besøk av Magnus Eliassen. Han er halve Sirkus Eliassen. Dei som har hatt årets sommarhit med “Hjem til dæ”.
Her framførar han låta:

Stilig!
Yngve ville òg ta bilete av meg og Magnus, fordi han syns vi var så like på håret.

Eg måtte òg smake på tørrfisk i spalta “Ronny smakar på vanlege ting”. Sjå korleis Live reagerar på tampen her:

Silje lærte ein gjeng frå 10. klasse korleis ein skal oppføra seg på konsert.

Her kan du høyre korleis det gjekk føre seg:
Silje underviser

Kjempestemning!

Etter sending hang vi rundt på skulen. Sjekka ut konsertarenaen, såg på at resten av P3 jobba, åt pasta.

Her poserar Silje og Live framfor ein skokk med kids på veg til årets feitaste skuledag:

Etterpå reiste vi heim. Her er eit kunstfoto produsent Maria har tatt av Yngve som speidar ut av flyvindauget. Perfekt avslutning på denne bloggposten, spør du meg.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/feed/ 2
– Vi flyttar til Hollywood https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/#comments Fri, 16 Sep 2011 11:21:33 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7939

Bård Ylvisåker har endeleg fått kred på heimebane for jobben han gjer, etter at Perez Hilton hyllar ein ny Ylvisvideo.

Ylvisbrødrene spelte inn videoen “Work it”, eigentleg til bruk i det nye talkshowet deira. Den vart lagt ut på YouTube, og har i skrivande stund nesten 500 000 visningar.

– Det var veldig gøy å sjå at videoen sprer seg i USA, og nesten endå kjekkare då den òg byrja spre seg i Polen, sa Vegard Ylvisåker i dagens P3morgen.

– Vi hadde jo eigentleg ikkje planlagd å leggja den på nett i det heile.

Her er videoen:

Og videoen har spredd seg. Torsdag vart den omtalt på bloggen til Perez Hilton under tittelen “Norway knows how to WORK IT!!!”
– Vanlegvis når eg pratar om jobb heime, får eg null respons, seier Bård.
– Sambuaren din har vel berre lyst til å halde beina dine planta på jorda, skyt Vegard inn.
– Men då eg sa at denne videoen var på bloggen til Perez Hilton, det trur eg er fyrste gongen eg har fått noko kred.
– Kva sa sambuaren din då?
– No flyttar vi til Hollywood!

Høyr Ylvisbrødrene om korleis det følast å ha ein internasjonal YouTube-hit:
Ylvis om YouTubehit

Om du vil høyre meir Ylvis i P3morgen, kan du laste ned fredagens sending som podkast. Den finn du både i iTunes, og som mp3-filer her.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/feed/ 3
Yngve har bursdag! https://p3.no/p3morgen-arkiv/yngve-har-bursdag/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/yngve-har-bursdag/#comments Tue, 13 Sep 2011 12:20:51 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7866

I dag har Yngve bursdag! Vi feira sjølvsagt den no 28 år gamle Moldensaren i dagens P3morgen.

Bursdagsbarnet sjølv vart overraska då han fekk kake og flotte ord frå folk han er glad i. Live og underteikna hadde nemleg prata med nokon av desse i forkant av dagens feiring. Høyr korleis det gjekk då vi overraska Yngve her:
Yngve har bursdag

Kake!

Eg baka kake i anledning Yngve sine 28 år. Eg trur han vart glad for kaka, sjølv om nonstopskrifta på toppen ikkje er av det proffaste slaget.

Vi har feira bursdagar i P3morgen før. I fjor feira både Aksel Hennie og Thom Hell bursdagen til Live. Og då Yngve hadde bursdag i fjor fekk han Bjørn Johan Muri på overraskelsesbesøk. Han fekk òg ein ridetime i gåve av oss andre.

Her kan du sjå omatt korleis det gjekk då Yngve fekk gåva si i fjor (og samstundes lurte med oss andre):

(PS: Yngve skriv følgjande om fotografiet i toppen av bloggposten: “Jeg ønsket at bildet skulle vise en refleksjon over det å bli eldre. Gleden, varmen og seieren representeres i kaken, lyset og den stolte mannen – visdommen og de store spørsmålene kan sees i øynene til den feirende. Aldringen vises gjennom at han må holde hodet, det drømmende blikket symboliserer både en refleksjon over liv som er levd, samt en undring over hva som nå vil komme. Inspirasjon til fotografiet er tatt fra coveret til Arve Tellefsens album Pan.“)

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/yngve-har-bursdag/feed/ 9
– Eg har slutta med avsugning https://p3.no/p3morgen-arkiv/eg-har-slutta-med-avsugning/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/eg-har-slutta-med-avsugning/#comments Fri, 09 Sep 2011 11:21:22 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7846

– Eg har slutta med avsugning. Eg veit ikkje korleis eg gjer det lengre, sa Anna Anka i dagens P3morgen.

Den tidlegare kona til Paul Anka, mellom anna kjend for sin opptreden i serien Hollywoodfruer, er klar for deltakelse i “Skal vi danse?“. Ho har blitt parodiert av mange, mellom anna Sigrid Bonde Tusvik. Sidan begge var hos oss samstundes, måtte vi jo prate om parodien.
Høyr seansen om parodi og avsugning her:
Anna Anka om parodi

Diggar Rune Larsen

Anna Anka er i Norge for å delta i “Skal vi danse?”, og måtte innrømme at ho har pakka for utaktisk.
– Eg har nesten berre med meg sommarklede. Ein kompis sa at eg ikkje kan gå rundt med flip-flops i Oslo. Men eg har jo ingen andre sko, sa Anka, som hadde med seg berre seks koffertar.

På spørsmål om kven Anna kjem best overens med av gjengen som skal vere med på dansebonanzaen, svarar ho kjapt Rune Larsen.
– Han er så himla god! Han er så ærleg, og vil alltid alle vel.
Ellers er det mykje konkurranse og lite vennskap førebels, fortel Anna.
– Alle er heilt sånn “it’s time to kill”.
Sjølv er Anna berre med fordi det er gøy.

Høyr praten om konkurransen og garderoben her:
Anna Anka om dansing og klede

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/eg-har-slutta-med-avsugning/feed/ 12
– Jesus er metroseksuell https://p3.no/p3morgen-arkiv/jesus-er-metroseksuell/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/jesus-er-metroseksuell/#comments Tue, 06 Sep 2011 11:00:41 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7792

Knut Arild Hareide om Jesus si frisyre, trua si rolle i KrF og fotball i dagens P3morgen.

Tysdag morgon var KrF-leiar Knut Arild Hareide gjest i P3morgen. På spørsmål frå ein lyttar om kor vidt ein må vere kristen for å stemme på partiet, svarte Hareide nei.
– Der er mange ikkje-kristne som stemmer KrF, det veit eg. Men dei er kanskje positive til at tru og religion skal ha ein plass i samfunnet. Og så vil dei kanskje at barna skal få høyre om Jesus.

Når programleiar Live spør om der ikkje uansett må ligge ei grunnleggjande tru i bunn, oppstår der ein liten Jesusorientert diskusjon i studio. Høyr praten her:
Hareide om jesus

Fotball, vafler og juice

Knut Arild Hareide er engasjert i fotball, og fortalde i dagens P3morgen mellom anna om si tid som venstreback på Bømlo.
– Men det var vel mest for at me skulle få fult lag, sa Hareide.
I kveld har han invitert massevis av folk på landskampfest heime hjå bror sin. Han planlegg servering av vafler, kanskje taco. Og vatn og juice. Knut Arild må inrømme at han kanskje er ein litt vimsete vert.
– Det kan stemme. Eg er veldig hyggjeleg når eg er til stades, men så kan eg plutseleg forsvinne bort i nokre tankar.

Hektisk, men roleg

Valkampen er hektisk for Hareide, som likevel meiner tilstandane innad i KrF er rolegare enn på lenge.
– Vi har hatt det litt vanskeleg. Der har vore litt uro, og no går det oppover. Vi har hatt betre målingar enn vi har hatt på mange, mange år.
På spørsmål om kva kjærasten tykkjer om valkampkaoset som står på, svarar Hareide at valkamp er eit dårleg ord i forholdet deira.
– Men etter valet skal det bli mange kjekke kveldar, og turar i marka.

Høyr Hareide prate om valkampinnspurt og kjærleik her:
Hareide om valkamp

Vil du høyre heile intervjuet med Knut Arild Hareide frå dagens sending? Last ned P3morgen sin podkast, enten frå iTunes, eller som mp3-filer her.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/jesus-er-metroseksuell/feed/ 3
Opplegg med Yngvar https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/#comments Wed, 31 Aug 2011 05:12:58 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7735

Puls-Yngvar har skikkeleg trua på at eg skal klare hundre i benken før jul! Tenk det!
I går laga han opplegg, og viste meg korleis eg skal nå målet mitt. Her følgjer grundig rapport, og eit par generelle treningstips frå Yngvar Andersen.

Vi møttest i NRK Bedriftidrettslaget sitt treningsrom. Yngvar ville sjå korleis benkpresstalentet mitt var, og så ville han foreslå ei rekkje øvelsar.

I treningsopplegget Yngvar har foreslått til meg, har han lagt vekt på at det er lett å gjennomføre, tek kort tid og at der er fokus på å trene heile overkroppen. Beina tek vi seinare, når eg har blitt gira på trening.

For eg har jo ikkje trent på sju år.

LES ÒG: Fyrste treningsøkt + outfit

Opplegget

Yngvar fortalde ein fin hugseregel som eg planlegg å trene etter. Ein skal halde på til ein ikkje klarar meir. Klarar du under 6 repitisjonar løftar du for hardt. Ein bør klare 8, 10 er bra. Og klarar ein meir enn 13 bør ein gå tyngre til verks.

Her er dei 5 øvelsane Yngvar føreslår at eg gjer kvar gong. Ein halvtime effektiv trening, tre gonger i veka:

Benkpress:
Vi startar på 42,5 kg x 10
Høyr Yngvar sine benkpresstips:
Yngvar sine benkpresstips

Nedtrekk:
45 kg x 10
Her trekk eg til meg ei sånn der stang. Roleg og fint. Det skal visst vere bra for ryggen.

Militærpress:
20 kg x 10
Her skal ein stå godt planta på bakken, rett i ryggen. Og så skal ein løfte stanga frå brystkassa, rett opp, over hodet.

Bicepscurl:
27,5 kg x 10.
Gode gamle bicepsgreia. Sånn som på film. Yngvar meiner ein skal nytta stang i staden for sånne manualar, fordi der er mindre moglegheitar for å jukse ubevisst.
Høyr Yngvar om forskjellen på stang og manualar, pluss eit par tips:
Yngvar sine bicepstips

Glidende planke:
Denne er tricky. Sjå for deg at du skal til å ta armhevingar. Men i staden så skal du, med kroppen strak som ein planke, bevege deg framover på hendene. Så langt du kjem. Heilt til du ikkje har krefter att. Shit, det er vanskeleg.
I klippet under kan du høyre at eg prøvar, medan Yngvar instruerar:
Yngvar planketips

100 i benken?

Det store spørsmålet er sjølvsagt: Klarar eg å jobbe meg mot 100 i benken. Etter å ha sett an formen min i går, kom Puls-Yngvar med følgjande konklusjon:
Yngvar konkluderar

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/opplegg-med-yngvar/feed/ 6