livemusikk – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Charlotte muntra opp mandagen https://p3.no/p3morgen-arkiv/charlotte-muntra-opp-mandagen/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/charlotte-muntra-opp-mandagen/#comments Mon, 03 Dec 2012 11:36:57 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=11794

Ingenting passa betre på ein iskald desembermandag enn litt deilig livemusikk på morgonkvisten. Charlotte Qvale vitja P3morgen og spelte låta si, The Beginning of the end, live for oss.

Charlotte har nett sluppe sin fyrste EP, og kunne røpe at det vart vill feiring då den endeleg var ute sist fredag.

Høyr framføringa her:
Charlotte Qvale – The Beginning of the end

Vil du høyre kvifor Charlotte har eit surt, innrøyka piano som ho har arva frå Petterøes tobakksfabrikk? Eller kvifor ho står opp klokka fem kvar morgon? Sjekk ut vår podkast her!

BONUS:
Sjå Charlotte sin FANTASTISKE cover av Bon Iver frå årets P3aksjon her:

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/charlotte-muntra-opp-mandagen/feed/ 1
Vil ha ungdomshus https://p3.no/p3morgen-arkiv/vil-ha-ungdomshus/ Wed, 24 Aug 2011 11:58:29 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7687

Artisten Ida Maria spelar ny låt, og pratar om at ho stiller til kommuneval i haust. Kampsaka er ungdomshus på Nesna.

– På Nesna skjer ting plutseleg, sa Ida Maria på besøk i dagens P3morgen.
Ho stiller til val som representant for partiet SV, som nummer ni på lista.
– Då ordførarkandidat Kristian Sivertsen ringte meg, så tenkte eg; kvifor ikkje?

Det var fyrst då media ringte at Ida Maria innsåg at ho måtte stå for dette. Og det gjer ho.
– Eg har alltid vore redd for å gå inn i politikken. For når eg går inn i noko, så gjer eg det 100%, seier Ida Maria, som kjemper for eige ungdomshus i kommunen.

Høyr Ida Maria prate om si lokalpolitikerkarriere her:
Ida_maria_politikk

Les òg: Ida Maria med musikk i Greys Anatomy

Sjekk ut Lydverket sin Ida Maria-dokumentar frå 2008:

Rykande fersk livelåt

I haust skal Ida Maria spele inn ny plate. I dagens P3morgen framførte ho og gitarist Stefan ei rykande fersk låt. Så fersk at Ida Maria måtte ha med ei notatblokk med teksten, berre for å vere sikker på å ikkje gløyme den.

Låta fekk kjemperespons frå P3morgen-lyttarane. Høyr framføringa omatt her:
Ida Maria – Perfect

Vil du høyre resten av intervjuet med Ida Maria? Last ned P3morgen sin podkast, enten via iTunes, eller som mp3-filer her.

Ida Maria live på Øya 2008

]]>