karoline dyhre breivang – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Innom på veg til syden https://p3.no/p3morgen-arkiv/innom-pa-veg-til-syden/ Mon, 23 May 2011 11:53:48 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6620
Karoline Dyhre Breivang har nett vunne Champions League med Larvik. I dag stakk ho innom P3morgen på veg til velfortent ferie i sydlegare strøk.

– Eg har berre hatt ei einaste frihelg sidan desember, så det var på tide å ta seg ein liten ferie, sa Karoline, som stakk innom på veg til flyplassen.
– Eg skal til Marbella med to lagveninner i dag.

Høyr Karoline fortelje om korleis ho skal feriere:
Karoline om ferie

Lykkefletta

Kristine har lete seg imponere av ei spesiell hårflette nokre av handballjentene brukar, som ser ut til å halde ekstremt godt. Ho måtte spørje Karoline kva trikset er, og fekk samtidig vite at der ligg ein del overtru i kampsveisar.
– Eg flettar håret til Tonje Larsen innimellom, når ho ikkje klarer det sjølv. Og så er det slik at dersom eg fletta sist, og vi vann, så må eg gjere det ein gong til fordi då betyr det lukke.

Høyr Karoline om hår og sminke i kampsamanheng her:
Karoline om hår

Om du vil høyre meir av intervjuet med Karoline Dyhre Breivang i dagens P3morgen, kan du sjekke ut den daglege podkasten vår på iTunes eller via vår RSS-feed.

]]>