Jan Åge Fjørtoft – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 MGP-festkongen Jan Åge Fjørtoft! https://p3.no/p3morgen-arkiv/mgp-festkongen-jan-age-fjortoft/ Thu, 01 Dec 2011 07:56:36 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8910 Jan Åge Fjørtoft er ny MGP-programleiar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Jan Åge Fjørtoft er ny MGP-programleiar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Jan Åge Fjørtoft skal vere programleiar for dei nye torsdagssendingane under neste års Melodi Grand Prix! Valet av programleiar vil nok kome som ei lita overrasking på fleire, ettersom Fjørtoft er mest kjent som fotballseplar, kommentator og trenar.

Les: Debuterer som MGP-programleiar

Har arrangert MGP-festar i mange år!

Jan Åge Fjørtoft skal ha uante kunnskapar om MGP og han har vert fan av sangkonkurransen i fleire år. Men han skal ikkje styre heile MGP-festen aleine. Marte Stokstad og Per Sundnes skal framleis vere programleiarar for dei direktesendte delfinalane på laurdagar.

I P3morgen torsdag hadde Marte og Jan Åge med seg MGP-effektar dei berre må ha for at det skal bli ein så bra MGP-fest som muleg. Då Jan Åge spela fotball og budde i utlandet, arrangerte han Melodi Grand Prixfest kvart år. Han syns flagg og stemmeskjema er eit “must” for at festen skal bli bra. I tillegg er det viktig at det ikkje berre er nordmenn tilstades på festen fordi du må jo ha nokon å skjelle ut, seier han.

Ut av MGP-skapet

– Det er kanskje ikkje det du skryt at, at du kan nesten alt om Melodi Grand Prix til dine fotballkollegar, seier Jan Åge til P3morgen. Men han og eit par fotballkollegar frå Ham-Kam skal ha parodiert Ketil Stokkan på fest til stor suksess, så farleg kan det ikkje ha vert.

Fjørtoft skal også ha fått reaksjonar frå familien på at han stiller som MGP-programleiar, mellom anna frå bror sin som sa: – Den såg eg ikkje kome.

Litt som ski-VM

Heile MGP-opplegget blir større og bedre enn nokonsinne neste år. Med ski-VM friskt i minne ønskjer MGP-arrangørane å gjere meir som sporten. Sendingane Jan Åge Fjørtoft skal vere programleiar for skal altså gå på torsdagar og skal følgje artistane frå dei får beskjed om at dei skal vere med i MGP til sekunder før dei står på scena. Sjåarane får altså eit godt innblikk i kva som skjer i kulissene.

]]>