jaa 9 – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 9&P om vekking og vennskap https://p3.no/p3morgen-arkiv/9p-om-vekking-og-vennskap/ Thu, 23 Jun 2011 12:10:23 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7075 Onkl P, Kristine og Jaa9 (Foto: NRK)

Solbrillegjengen: Onkl P, P3morgen-Kristine og Jaa9 (Foto: NRK)

Jaa9 og Onkl P gjesta P3morgen i dag. Dei kunne fortelje at Johnny alltid må vekke Pål, og at dei har vore bestevennar så lenge dei kan hugse.

Denne våren har Jaa9 og Onkl P hatt eige program på P3. Dei slapp EPen “Lasse” i januar, fekk gigasuksess og skapte debatt med “Partysvenske” og er denne veka klar med årets andre utgivelse, “Geir”.

Jaa9 står for vekkinga

Karane var tidleg oppe for å besøke P3morgen i dag. På spørsmål om korleis dei vanlegvis vaknar, kunne Onkl P meddele at han vanlegvis vaknar av telefonen.
– Eg pleier stort sett vente på at Johnny ringjer.
– Og i dag ringte eg mange gonger, svarte Jaa9.
– Det var sopass at eg vurderte å berre leggje meg att om eg ikkje fekk tak i deg.

Høyr 9&P prate om fordeling av ansvar på morgonkvisten her:
9 & P om vekking

Vi har tidlegare prøvd å vekkje Onkl P i P3morgen. Då vart det skikkeleg, skikkeleg dårleg stemning.
LES: Onkl P lover grusom hevn

Lego-teambuilding

Jaa9 og Onkl P slo gjennom som duo i 2003, og ga ut debutplata si i 2004. Dei har jobba saman sidan, og på spørsmål om korleis det er å jobbe så tett, heile tida, svarte Onkl P at dei er gode vennar, men at dei tek pausar.
– Vi har ei jævlig god greie gåande.Vi er saman heile tida, men når det er på tide å chille, så er der rom nok for det.
– Og så driv vi med teambuilding innimellom, skyt Jaa9 inn.
– Denne veka har vi bygd LEGO-lastebil med motorisert heisekran.

Høyr 9&P prate om vennskapet sitt her:

Jaa9 og Onkl P om vennskap

Sist Lillehammer-duoen var innom P3morgen, var det for å teste 17. mai-leikar med Yngve. Sjå video:

]]>