hurtigrute – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Skulle gjerne hatt meir temperament https://p3.no/p3morgen-arkiv/skulle-gjerne-hatt-meir-temperament/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/skulle-gjerne-hatt-meir-temperament/#comments Tue, 28 Jun 2011 09:09:18 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7125 Ragnhild Sælthun Fjørtoft saman med programleiarar Stian og Malene. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Ragnhild Sælthun Fjørtoft saman med programleiarar Stian og Malene. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Ragnhild Sælthun Fjørtoft har jobba i NRK i over 40 år som kanalvert – og både Stian og Malene blei litt starstruck då ho kom på besøk til P3morgen i dag.

Fleire av oss hugsar Ragnhild frå Barne-tv og gleda var stor då ho på strak arm introduserte Titten Tei til ære for P3morgenlyttarane.

Ragnhild intro titten tei

– Eg blir sjeldan sint

Fleire av oss får litt ekstra ro i sjela når vi høyrer Ragnhild si kjente stemme og Stian lurer på om ho har like behageleg stemme når ho er sint. Men Ragnhild kan avsløre at det veit ho ikkje, ettersom ho sjeldan blir sint.

– Eg har ikkje behov for noko utblåsing, eg er vel ein litt sedat type som tek livet med ro, smiler Ragnhild.

Sjølv skulle ho gjerne ønske seg litt meir temperament, ettersom ho trur det er bra med ei utblåsing i ny og ne.

Ragnhild sjeldan sint denne

Men Ragnhild var også på besøk hos oss for å snakke om det seks dagar lange tv-programmet Hurtigruta – Minutt for minutt, ho var med på heile turen og jobba mellom anna som reporter då seilaset gjekk direkte på tv i førre veke.  

På spørsmål frå Malene kva det var som overraska Ragnhild mest på turen svarar ho:

– At vi fekk sånn enorm respons frå alle folk langs kysten. At dei møtte opp så til dei grader i alle hamner og ikkje minst alt det rare folk fann på av kreative ting for å kome på tv, ler Ragnhild.

Her kan du mimre meir til Hurtigrua – Minutt for minutt

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/skulle-gjerne-hatt-meir-temperament/feed/ 1