Hovefestivalen – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Robyn har aldri vert på festival https://p3.no/p3morgen-arkiv/robyn-har-aldri-vert-pa-festival/ Fri, 01 Jul 2011 11:40:25 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7262 Silje sneik seg rundt då Robyn var på Q & A med Lydverket og fekk stjele eit par minutt av Robyn si dyrebare tid. FOto: Silje Nordnes (NRK)

Silje sneik seg rundt då Robyn var på Q & A med Lydverket og fekk stjele eit par minutt av Robyn si dyrebare tid. FOto: Silje Nordnes (NRK)

Robyn var den einaste kvinnelege hovudartisten under årets Hovefestival (skjerpings Toffen Gunnufsen, festivalbookar) og i går trilla Lydverket terningkast 6 på konserten hennar – den einaste seksaren faktisk, under heile festivalen!

Men før ho gjorde ein terningkast 6 konsert, var ho innom P3 scena og svarte på spørsmål frå Asbjørn Slettemark og publikum. Vår reporter Silje var også der medan ho venta på at det var hennar tur å slå av ein prat med favorittsvensken.

Silje ville nemleg høyre kva festivaltips ho og musikarkollega Timbuktu kunne kome med. Men begge to var særs lite drivne på festivalfronten. Robyn har aldri vert på festival og tenkjer ikkje over å ha med seg nokre spesielle kler, ho berre går i det ho føler for:

Robyn og Timbuktu om festival

Til slutt spurte Silje sine standard gravande journalistiske spørsmål: 1) Kva ét du til frukost? 2) Kva søv du i om natta?
Robyn om fruksot

Silje på Hove

Silje har rapportert heile veka frå Hove, her kan du høyre og lese alt ho har gjort:

Ville ikkje ut av soveposen

Råning i golfbil

Her var det varm og klamt!

]]>
Ville ikkje ut av soveposen https://p3.no/p3morgen-arkiv/ville-ikkje-ut-av-soveposen/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/ville-ikkje-ut-av-soveposen/#comments Thu, 30 Jun 2011 12:06:59 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7188 Joachim blei vekt av venninda Hilde og kompisen Hallgeir på Hove. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Joachim blei vekt av venninda Hilde og kompisen Hallgeir på Hove. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Joachim sov godt i soveposen sin med sov-i-ro i øyrene og ante fred og ingen fare då reporter Silje bråvekte han direkte i p3morgen. Endeleg kunne han legge kjas og eksamensmas bak seg og sove til langt på dag under Hovefestivalen. Men venninda Hilde hadde heilt andre planar.

I går sendte Hilde inn følgjande tekstmelding til oss:

God morgen! Kan dere gjøre meg den stoooore tjeneste å vekke “Camp Ragnhild” på Hove som er på Camp nord? Her bor Joachim. Hove er den første uken hans på veldig veldig veldig lenge han kan sove så lenge han vil da jeg ikke er der å vekker han grytidlg fordi jeg er stressa både for min og hans eksamenslesing, eller bare fordi jeg ikke får sove lengre. Kan dere gjøre meg den store tjeneste å vekke han så han vet at det ikke hjelper å være på Hove? Mohaha! Teltet til gutta er på camp nord og er blå-grønt og har et skilt utenfor der det
står “Camp Ragnhild” (lang historie) og de har to grønne lamper utenfor. Det hadde virkelig gjort dagen min! 😀

Vi ringde Hilde opp under sendinga i dag for høyre korleis ho ville vil skulle vekke kompisen Joachim:
Tlf Hilde

Silje klarte å kome seg inn i teltet ettersom ho hadde etablert kontakt med Hallgeir, kompisen til Joachim. Men då Silje storma inn i teltet var det vanskeleg å få ein reaksjon ut av han.
Vekking Hove 2

Joachim trudde det var eit heilt fjernsynsteam som kom busande inn i teltet hans tidleg på morgonkvisten, og det var grunnen til at det nesten var umuleg å få han ut av sovepåsen. Men etter litt om og men fekk Silje forklart at det berre var radio og trygt å kikke fram:
Vekking Hove 3

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/ville-ikkje-ut-av-soveposen/feed/ 1
Råning i golfbil! https://p3.no/p3morgen-arkiv/raning-i-golfbil/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/raning-i-golfbil/#comments Thu, 30 Jun 2011 11:16:48 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7165 Silje var med toalettsjef Elin på jobbe på Hovefestivalen.

Silje var med toalettsjef Elin på jobbe på Hovefestivalen.

Fint skal det vere når toalettsjef på Hove, Elin, skal frakte dopapir til festivaltoaletta. Ho har nemleg fått sin eigen golfbil så ho kan frakte metervis på metervis med dasspapir. Men kor fort det går er ein annan sak.

Fann stringtruse i do!

Elin syns det er ein veldig grei jobb, ettersom folk blir enomrt glade for at nokon gidd å halde toaletta reine. Folk blir også takksame når ho kjem med ein ny dopapirrull.

Elin seier ho finn mykje rart medan ho er på jobb. I dag fann ho mellom anna ei stringtruse og av ein eller annan grunn kastar folk som tissar mykje pengar ned i do. No skal Elin spikre opp eit skilt som opplyser om at dette ikkje er ein ønskebrønn, i tillfelle dei har misforstått noko.

Men Silje var eigentleg mest oppteken av å få ta seg ein liten rånetur i golfbilen til Elin. Og det fekk jo jammen lov til: 

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/raning-i-golfbil/feed/ 1
Her var det varmt og klamt! https://p3.no/p3morgen-arkiv/her-var-det-varmt-og-klamt/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/her-var-det-varmt-og-klamt/#comments Tue, 28 Jun 2011 12:00:44 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7150 Siri er frivillig på Hove og blei vekt at reporter Silje. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Siri er frivillig på Hove og blei vekt at reporter Silje. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Hovefestivalen er akkurat igang og reporter Silje er ute på vekketokt! I dag overraska ho dei to Hovefrivillige, Siri og Benedikte, med kubjeller og rop.

I kjent stil sneik reporter Silje seg fram til teltet ho skulle bråvekke, og der oppdaga ho at Benedikte sat å sov i ein stol utanfor teltet.

Er du klar for festival? Ropte Silje og rista kraftig med kubjellene. Benedikte skvatt opp av stolen og svarte med eit litt spakt “ja, eg er klar”.

Benedikte sove i stolen utanfor teltet. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Benedikte sove i stolen utanfor teltet. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Heldigvis hadde to kjekke gutar holdt Benedikte med selskap gjennom natta.

Inne i teltet oppdaga Silje ein gut ved sidan av Siri, noko som forklarar korfor Benedikte søkte tilflukt ute og ikkje inne.

Ho kunne også konstatere at det var både varmt og klamt under teltduken. Men for alle dei som lurer, både Siri og den ukjente guten hadde kler på seg.

Høyr den ville kubjellevekkinga her:
Silje vekker festivalfolk

Masse kjekke folk

Siri og Benedikte har jobba to tolvtimersdagar og skal no berre nyte Hovefestivalen. På spørsmål om korfor dei orkar å jobbe for billetten i staden for å berre betale, seier Benedikte at ho er blakk og at ein treffer mykje kjekke folk når ein jobbar som frivillig.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/her-var-det-varmt-og-klamt/feed/ 4