hit – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 – Vi flyttar til Hollywood https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/#comments Fri, 16 Sep 2011 11:21:33 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7939

Bård Ylvisåker har endeleg fått kred på heimebane for jobben han gjer, etter at Perez Hilton hyllar ein ny Ylvisvideo.

Ylvisbrødrene spelte inn videoen “Work it”, eigentleg til bruk i det nye talkshowet deira. Den vart lagt ut på YouTube, og har i skrivande stund nesten 500 000 visningar.

– Det var veldig gøy å sjå at videoen sprer seg i USA, og nesten endå kjekkare då den òg byrja spre seg i Polen, sa Vegard Ylvisåker i dagens P3morgen.

– Vi hadde jo eigentleg ikkje planlagd å leggja den på nett i det heile.

Her er videoen:

Og videoen har spredd seg. Torsdag vart den omtalt på bloggen til Perez Hilton under tittelen “Norway knows how to WORK IT!!!”
– Vanlegvis når eg pratar om jobb heime, får eg null respons, seier Bård.
– Sambuaren din har vel berre lyst til å halde beina dine planta på jorda, skyt Vegard inn.
– Men då eg sa at denne videoen var på bloggen til Perez Hilton, det trur eg er fyrste gongen eg har fått noko kred.
– Kva sa sambuaren din då?
– No flyttar vi til Hollywood!

Høyr Ylvisbrødrene om korleis det følast å ha ein internasjonal YouTube-hit:
Ylvis om YouTubehit

Om du vil høyre meir Ylvis i P3morgen, kan du laste ned fredagens sending som podkast. Den finn du både i iTunes, og som mp3-filer her.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/feed/ 3