havregraut – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Gahr Støre om havregraut https://p3.no/p3morgen-arkiv/gahr-st%c3%b8re-om-havregraut/ Thu, 18 Aug 2011 10:32:01 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7613

Utanriksminister Jonas Gahr Støre var gjest i dagens P3morgen. Han delte mellom anna oppskrifta på sin, i følgje han sjølv, enkle havregraut.

– Havregraut er noko eg er veldig glad i sjølv, og som eg har fått ungane mine til å like, sa Støre, som lagar frukost til familien kvar dag.
– Det er ein viktig del av morgonen, for det er ei tid vi har felles.

Jonas Gahr Støre bløyter opp havregrynet med vatn. Deretter kokar han inn grauten med melk og sukker.
– Og på toppen likar eg å ha litt kald melk og kanel, seier Jonas, som gjerne òg har på rosiner og mandlar om han vil gjere seg litt ekstra flid.

Høyr Jonas Gahr Støre om morgonrutinene sine her:
Jonas Gahr om graut

Ser ikkje på TV

Jonas Gahr Støre kunne òg fortelje at der blir mykje kveldsjobbing som utanriksminister.
– Kvar dag når eg går frå jobb, får eg med meg ei svær mappe. Der ligg det rapportar frå alle ambassadane våre. Og den les eg kvar kveld, sa Støre, som meiner ministerjobben krever at ein må leve ordna og disiplinert.
– Ser du for eksempel på tv-seriar?
– Nei, veldig lite. Eg ser veldig sjeldan på tv, seier Støre, som fortel at han må bruke vener og barn for å i det heile tatt kunne følgje med på kva som går.
– Har du aldri sett Sopranos?
– Det har eg. Men eg må inrømme at eg ikkje vart så hekta at eg kjøpte inn fire sesongar og sette meg til rette.

Høyr praten om ministerjobben, reisinga og korleis Støre koplar av her:
Jonas Gahr om jobben

Om du vil høyre resten av intervjuet med utanriksministeren, kan du laste ned P3morgen sin podkast. Den finn du både i iTunes og som mp3-filer her.

]]>